Hopp til hovedinnhold

Meir informasjon om utdanning

Praksisplassar

Ei rad faggrupper innan spesialisthelsetenesta, slike som studentar som tek grunnutdanning i sjukepleie, ergoterapi, fysioterapi, vernepleie, og radiografstudentar, får tilbod om praksis ved institusjonane våre.

 

Overlegar

Overlegane i føretaket har rett til studiepermisjonar med løn. Dei kan ta ut fire månadar kvart femte år. Permisjonen kan delast opp eller takast ut under eitt. Slike permisjonar må planleggjast under den ordinære budsjettprosessen, slik at utgifter til vikar kan budsjetterast. Avvikling av slike permisjonar skjer etter avtale, og det må følgje utdanningsprogram med søknaden.

 

Assistentlegar - vidareutdanning av legar til overlegar

Helse Sunnmøre har assistentlegar i dei fleste avdelingane. Dette er legar som tek vidareutdanning for å bli spesialistar på ulike fagområde. Legar må ha spesialistgodkjenning for å bli tilsette som overlegar. Det vil seie at alle sjukehuslegar må gjennom eit slikt løp.

 

Turnuslegar

Turnuslegane skal ha kontinuerleg opplæring og rettleiing. Dette er obligatorisk for føretaket, og skjer gjennom dagleg rettleiing og regelmessig internundervisning. Ein rettleiar som skal vere oppnemnd før turnustenesta tek til, har ansvaret for at turnuslegen får adekvat undervisning. Turnuslegane følgjer same internundervisning som assistentlegane.

 

Psykologspesialistar

Også dei har rett til jamne studiepermisjonar med løn - fire månadar  kvart  femte år. Permisjonen kan takast under eitt eller delast opp i fleire kortare periodar. Det er ikkje mogleg å samle opp permisjon over fleire fireårsperiodar, for så å avvikle den under eitt. Avvikling av permisjonen skal skje etter avtale i kvart enkelt tilfelle. Utdanningsprogram for permisjonstida må følgje søknaden.

 

Vidareutdanning for sjukepleiarar

Helse Sunnmøre gir jamt  støtte til spesialutdanning av sjukepleiarar innan områda kreft, anestesi, operasjon, intensiv, rehabilitering, jordmor, lunge og diabetes. Også geriatri er aktuelt i nær framtid. Utdanninga føregår på heiltid og deltid. Sjukepleiarar som tek vidareutdanning kan søkje om stipend og permisjon i den tida utdanninga varer. Dei som får gjennomslag for dette, må rekne med bindingstid. Støtteordninga er ikkje konstant, og vil bli endra om det er føremålstenleg for føretaket.

 

Søknader om stipend og permisjon blir prioriterte i samsvar med føretaket sine satsingsområde for komande år. Talet på studentar og fagområde som HSM har prioritert, er klarlagt i kompetanseplanen for kvart år.

 

Rettleiing

Systematisk utdanning av rettleiarar føregår i hovudsak innan psykiatrien, og rettleiarar derifrå  vert også nytta til å rettleie tilsette innan somatikken.
Psykiatrien får generelt øyremerkte midlar direkte til sitt område. Ein kan vidareutdanne tilsette i psykiatrien utan å vere avhengig av opplæringsmidlane elles i føretaket. Dette aukar sjansane til å drive kontinuerleg vidareutdanning av personalet for å sikre nødvendig og variert kompetanse.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 12.01.2011 12:19

Trond Wefring