Programmet for konferansen, finn du her .
Her finn du påmeldingsskjema. Påmeldingsfristen er 15. mars.
Bakgrunn:
Raskare diagnostisering og behandling i spesialisthelsetenesta har ført til at pasientane no i mykje større grad blir behandla poliklinisk eller som dagpasientar. Dei pasientane som blir innlagde er som regel inne i sjukehuset i svært kort tid. Utfordringane til helsepersonell, er endra i samsvar med dette biletet.
Ny arena og fokus i tillegg til poliklinikk og dagbehandling, er samhandling med kommunehelsetenesta, pasientlogistikk(pasientforløp) og pasient- og pårørandeopplæring.
Kompetansekrava til veiledar og veiledning aukar, og organisering av praksis vil bli ei utfordring.
Mål for konferansen
Med bakgrunn i forventa endringar i framtidas norske helsevesen, vil vi drøfte og arbeide med studentpraksis som kan vere høveleg for modeerne sjukehus, dagens- og framtidas pasientforløp, og samhandlinga med primærhelsetenesta.
Ved hjelp av kafedialog og workshopar vil vi i løpet av konferansen få belyst moglege organisering og gjennomføring av praksisstudiane
Målgrupper:
- Praksisansvarlege og veiledarar i sjukehus og kommunehelseteneste.
- Praksisansvarlege og lærarar i helse- og sosialfag i høgskulane.
- Leiarar i sjukehus og kommunehelseteneste.
- Leiarar i høgskulane.
- Relevante personar frå Kunskapsdepartementet og helse- og omsrogsdepartementet.
- Studentar.
Kostnader:
Konferansen er gratis, men deltakarane må betale følgjande for mat og opphald på hotellet:
Kr 2025 for begge dagane, inkludert overnatting i enkeltrom på hotellet.
Kr 1840 for begge dagane, inkludert overnatting i dobbeltrom.
Kr 1050 for begge dagane dersom ein ikkje overnattar på hotellet
Festmiddag om kvelden 5. april er inkludert for dei som skal overnatte på hotellet. Dei som ikkje skal overnatte må betale kr 395 i tillegg for å delta på festmiddagen.
Om kafedialog og workshop:
Om kafedialog:
- Kafedialog egnar seg til oppgåver der ein gjerne vil ha fram mange forslag til løysingar. Kafedialog kan ofte vere ei god form for brainstorming og idedugnad.
- Det er sett opp kafebord der ein skal drøfte ulike tema, vanlegvis eitt tema pr kafebord. Er det mange deltakarar, kan det hende at tema som ein ventar at mange vil vere med på, blir sett opp på fleire bord.
- Deltakarane deler seg sjølv inn i like mange grupper som der er kafebord. Det bør ikkje vere meir enn 10-15 personar pr bord. Kvar deltakar bestemmer kva bord ein vil besøke, men får ikkje arbeide meir enn fastsett tid (vanlegvis mellom 10 og 20 minutt) med kvart tema.
- Kvart kafebord har ein leiar, som sit ved bordet heile tida, og tek mot ulike grupper. Leiaren orienterer kort om tema ved bordet, og set i gang diskusjonen. Kvart kafebord har og ein sekretær, som får med seg framlegg og diskusjonar ved bordet.
- Deltakarane kjem med framlegg til løysingar på oppgåva, og diskuterer ofte ulemper og fordelar ved framlegga.
- Oppsummering av framlegga som kjem fram ved bordet, vert gjort ved at sekretær noterer, og at deltakarane skriv direkte på duken på bordet.
Om workshop:
- Deltakarane blir delt inn i grupper.
- Gruppene har leiar og sekretær.
- Gruppene får ei eller fleire oppgåver å arbeide med. Gruppene er sett opp med ulike problemstillingar som ein kan melde seg til, eller ein blir plassert i ei gruppe fordi ein har særskilt kompetanse.
- Gruppene får innleiingar til tema, anten samla for alle grupper, eller i gruppene. Det kan vere ei innleiing i starten, eller korte innleiingar tilpassa neste arbeidsoppgåve for gruppa.
- Gruppene endar opp med eit resultat, som sekretæren har fått med seg.
På konferansen får kvart bord og kvar gruppe tildelt gruppeleiar og sekretær frå Høgskoeln i Ålesund og Helse Sunnmøre. De som er deltakarar, skal kome med innspel og framlegg, og diskutere innspela og framlegga. Gruppeleiarane og sekretærane har ansvaret for å bearbeide og presentere resultata av gruppearbeida.
Velkommen til Midt-Norges praksiskonferanse 2011.
Bodil Røyset bodil.royset@helse-sunnmore.no
Marit Kjersem marit.kjersem@helse-sunnmore.no
Juliann Clemetsen juliann.clemetsen@helse-sunnmore.no
Rigmor Hammer rha@hials.no
Ingunn Vasset iv@hials.no