Målsetjing: Å studere hjertets muskelfunksjon hos premature barn med gestasjonsalder fom 30+0 uker tom 35+0 uker med vevshastighetsbaserte metodar, samt vurdere om denne skil seg frå myokardfunksjonen hos friske fullborne barn. Ein vil også å gjere gråtoneopptak for speckle tracking for å evaluere om metoden kan brukast i den definerte aldersgruppa. Det blir i denne omgang søkt midlar til prosjektplanlegging.
Grunngjeving: Vi har avgrensa metodar for kvantifisering av myokardfunksjonen hos barn. Global venstre ventrikkelfunksjon er delvis kvantifiserbar ved hjelp av M-mode, men berre i avgrensa antall segment. Regional funksjon har inntil nylig basert seg på semikvantitative metodar og i stor utstrekning på skjønnsmessig visuell vurdering. Vevshastighetsmålingar er de seinere år brukt for å måle hastighetar i definerte regionale myokardområder. Ved analyse av datasett kan ein hente ut informasjon om regional hastighet, hastighetsdifferanser, strain (tøying) og strain rate (tøying pr tid) (1,2). Metodikken er implementert i nokre kommersielt tilgjengelege ultralydmaskiner, bl.a GE Vingmed Ultrasound Vivid 7 og Vivid i.
Vurdering av sirkulasjon og hjertefunksjon hos premature barn er av stor betydning ved intensivbehandling av sjuke nyfødde barn.
Metode: Ved hjelp av innbakt programvare i Vivid i og Vivid 7 Ultralydmaskin vil ein undersøke premature barn fødde ved Ålesund Sykehus (Vivid i) og Ullevål Universitetssykehus (Vivid7) med gestasjonsalder fom 30+0 tom 35+0 uker i løpet av 1., 2. og 3. levedøgn.
Planlagt publisering: Artik(lar) i tidsskrift.
Prosjektleiar: Overlege Beate Horsberg Eriksen, Barneavdelinga, Ålesund. beate.horsberg.eriksen@helse-sunnmore.no
Tildelt stønad: Inntil kr 33 000