Hopp til hovedinnhold

Posttraumatisk amnesi, litteraturstudie.

Målsetjing:  Litteraturstudie om posttraumatisk amnesi (PTA) med sikte på å finne ut meir om begrepet PTA og om målemetoder.

Grunngjeving:    Posttraumatisk amnesi (PTA) er ein tilstand som ofte opptrer i subakuttfasen hos pasientar med moderate til alvorlige traumatiske hjerneskader (TBI). Det er ei forbigående fase som kan vare fra minutt til månader, og som er karakterisert av intellektuelle og åtferdsmessige forstyrrelsar . Hovudkjenneteikn for tilstanden er anterograd amnesi, dvs redusert evne til å huske hendelsar etter skadetidspunktet. Pasientane kan i tillegg vere rastlause, agitative, trøytte, konfabulere og i enkelte tilfeller kan dei også ha alvorlege affektive og psykotiske symptom.

PTA vert rekna for å vere ein viktig faktor for prediksjon av utfall ved slike skader. Internasjonalt er det ikke eintydig forståelse av begrepet. Særskilt blir det drøfta det om amnesi (hukommelsesvanskar) eller forvirring skal sjåast på som viktigste element i tilstanden. Det er heller ikkje eintydig kva for måleinstrument som best kartlegg PTA og kor lenge det varer. Dessutan er det ulik praksis for om tilstanden blir målt frå skadetidspunkt eller frå tida etter komafasen. Vi har ikkje funne skandinaviske publikasjonar som belyser dette temaet.

Metode:  Litteraturstudie, med sikte på å skrive oppsummerande artikkel

Tidsramme: Ca 3 mnd frå desember 2008 – februar 2009

Planlagt publisering:  Artikkel i tidsskrift.

Prosjektleiarar:  Ass. lege  Ingvild Kjeldsberg og seksjonsoverlege og PhD-student Halvard Nilsen, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Ålesund. ingvild.kjeldsberg@helse-sunnmore.no, halvard.nilsen@helse-sunnmore.no

Tildelt stønad:  Inntil kr 84 000

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.01.2009 11:17

Bodil Røyset