Hopp til hovedinnhold

Pasientopplevingar ved BiPAP-behandling

Målsetjing:  Skrive artikkel med utgangspunkt i masteroppgåve om pasientopplevingar ved BiPAP-behandling.

Grunngjeving:  Studien fokuserar på problematikk rundt BiPAP-maskebehandling ved akutt KOLS exacerbasjon ut frå tre problemstillingar: Korleis opplever KOLS-pasientar BiPAP-maskebehandling ved akutt respirasjonssvikt? Kva erfaring har sjukepleiarar med omsorg og pleie overfor desse pasientane for å oppnå vellykka meistring av BiPAP-maskebehandling? Kva er viktige aspekt for meistring av maska i den akutte situasjonen?

Funna viser at erfaringsbasert, kyndig hjelp er avgjerande for meistring av maska, der pasientopplevingane framhevar den gode relasjonen sin tillitsskapande verknad. Det indre samspelet mellom interdependens og autonomi - i pasienten sitt møte med maska og helsepersonellet, medbestemming i form av pausar og det å finne meining i situasjonen er alle viktige aspekt for at pasientane skal gjenvinne kontroll og mobilisere krefter. Individualitet, nærleik og nok tid er andre aspekt som gjer BiPAP-maskebehandlinga mindre traumatisk for pasientane og etiske val meir fokuserte for sjukepleiarane.

Metode:  Kvalitativt design med fenomenologisk og hermeneutisk tilnærming. Empirien byggjer på kvalitative intervju med fem pasientar som har brukt BiPAP-maskebehandling intermitterande over fleire døgn i akutt stadium, i tillegg til fokusgruppeintervju med åtte sjukepleiarar som har lang erfaring med behandlingsforma. Vesentlige aspekt ved maskebehandlinga blir sett i lys av både pasientperspektivet og sjukepleieperspektivet.

Tidsramme:  2 mnd i 2008.

Planlagd publisering:  Artikkel i tidsskrift.

Prosjektleiar:  Spesialsjukepleiar Henny Torheim, Akuttavdelinga i Volda.  henny.torheim@helse-sunnmore.no

Tildelt stønad:  Inntil kr 85 000

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 23.02.2009 12:40

Bodil Røyset