Hopp til hovedinnhold

Forprosjekt, pasienttryggleik

Målsetjing: Leggje grunnlag for forskings- og utviklingsprosjekt som fokuserer på ei eller fleire avdelingar/pasientlinjer si evne til å unngå, takle og lære av medisinske feil i samband med overføring.

Ein ser føre seg at prosjekta vil gi utbytte langs tre aksar: 1) Auka tryggleik for pasientane, 2) betra prosedyrar og såleis betra arbeidsmiljø, og 3) publisert akademisk kunnskap.

Grunngjeving:  KPI/LMS har utstrekte nettverk innan både helsesektoren og høgare utdanning. Gjennom desse nettverka har ein fått kontakt med Safetec, som leverer tryggleiksrelaterte tenester til mellom anna helsesektoren. Safetec er ein av dei største norske aktørane i trykkleiksbransjen, med kontor i Trondheim, Oslo, Stavanger, Bergen, Aberdeen og Kuala Lumpur. Safetec har vendt seg til KPI/LMS med spørsmål om samarbeid med bakgrunn i  vår kompetanse på ’pasienten som  medprodusent av helse’. Samarbeid med Safetec vil kunne tilføre KPI/LMS viktig ny kunnskap og kontaktar. Å samarbeide med ein kommersiell aktør vil også kunne hjelpe oss i operasjonaliseringa av den kunnskapen som KPI/LMS sit inne med.

Det er sett saman ei prosjektgruppe med medlemmer frå KPI/LMS, Høgskulane i Volda og Ålesund, og helseforetaket.  I forprosjektet vil dei vurdere moglege pasienttryggleiksprosjekt innanfor palliativ behandling, samarbeidet mellom laboratoria og avdelingane om blodprodukt, og i pasientflytprosjekta. 

Tidsramme:  November/desember 2008. 

Prosjektleiar:  Seksjonsleiar LMS Torill Heltne, og PhD-student, KPI, Roar Stokken, Lærings- og meistringssenteret i Helse Sunnmøre.  torill.heltne@helse-sunnmore.no, roar.stokken@mac.com 

Tildelt stønad:  Inntil kr 93 500 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.01.2009 11:00

Bodil Røyset