Hopp til hovedinnhold

Forprosjekt om ABM (aktivitetsbasert kostnadsstyring (Activity Based Managmenet)) i Helse Sunnmøre.

Målsetjing:

1)      Avdekke problemstillingar der Helse Sunnmøre HF kan/bør gjere seg nytte av ABC/M som beslutningsstøtte.

2)      Utforme grovskisse til ABC-modell som er eigna til å avdekkje og utdjupe problemstillingane i pkt 1.

3)      Intern kompetansebygging vedr konstruksjon og potensiell bruk av ABC/M.

Grunngjeving:   Forprosjektet vil vurdere eit framlegg om å bruke rammeverket Activity Based Management og tilhøyrande verktøy som beslutningsstøtte og analyseplattform. Rammeverket for styring byggjer blant anna på ein analytisk modell Activity Based Costing (ABC), der ein modellerer koblingar mellom dei aktivitetane ein driv med og økonomiske størrelsar ifrå regnskapet. Fordelane med dette er at ein då på ein heilt anna måte kan analysere korleis endringar i behandlingsaktivitetar påverkar det økonomiske og personellmessige ressursbehovet på ulike nivå i organisasjonen. Ein kan og benytte analyseverktøyet med utgangspunkt i økonomiske forhold, og analysere konsekvensar langs dimensjonar som f.eks aktivitet, pasientar, personell, medikament osv.

Metode:  Kombinasjon av litteraturstudie, innhenting av råd frå akademia og andre klinikkar, utvikling og testing av enkel ABM-modell.

Tidsramme/framdriftsplan: oktober - november 08    : Kompetanseheving og konkretisering av operative mål for prosjektet.  November 08 – februar 09:     : Modellbygging, analysar og evaluering av mål i hovedprosjektet, innstilling til direktør

Prosjektleiar:  Siviløkonom/MSc Alfred Reitan, Økonomiavdelinga i Helse Sunnmøre.  alfred.reitan@helse-sunnmore.no

Tildelt stønad:  Inntil kr 180 000.

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 28.01.2009 11:23

Bodil Røyset