Føremål: Undersøke om endobronkial ultralyd (EBUS) for diagnostisering av lungekreft kan betre treffsikkerheit ved bronkoskopi.
Grunngjeving: Studiar tyder på at endobronkial ultralyd forbetrar diagnostisering ved bronkoskopi i vanleg klinisk praksis. Kjetil Roth har evaluert resultat frå 2003 og 2004 i retrospektiv studie. Deretter blei det starta prospektiv randomisert klinisk studie av fortetningar som ikkje var synlege ved bronkoskopi. Ved å kvalitetssikre at det blei brukt gjennomlysing og prøvetaking med biopsi, børste, finnål og skyll, blei det antatt at treffprosenten utan ultralyd kunne aukast til om lag 40%. Ut frå tal i litteraturen, blei treffprosent ved ultralyd berekna å vere 60%. Studien vurderer også kostnadseffektivitet og optimal kombinasjon av prøvetakingsmetodar.
Metode: Open, randomisert studie.
Tidsramme: Frå 2005 til 1. februar 2008 var det inkludert 289 pasientar ved Haukeland og Ålesund. Haust 2008 og vår 2009 går med til databearbeiding, og første artikkel er planlagd publisert sommaren 2009. Haust 2009 og vår 2010 blir brukt til kostnadsanalyser, og sommaren 2010 er andre artikkel planlagt publisert.
Planlagt publisering: Artiklar i tidsskrift.
Prosjektleiar: Konst. overlege Kjetil Roth, Medisinsk avdeling, Ålesund
Tildelt stønad: Inntil kr 180 000