Hopp til hovedinnhold

Strategi for Helse Sunnmøre og Helse Midt-Norge

Helse Sunnmøre har utvikla sin eigen strategi som skal gjelde i perioden 2010 - 2015.

 

På denne sida finn du relevante informasjon som omhandlar Helse Sunnmøre sin strategiprosess.

Strategi 2015 endeleg

Høyringsdokumenta og høyringssvara finn du lenger nede på sida.

 

Samtidig vart det utvikla ein felles strategi for føretaksgruppa Helse Midt-Norge fram mot 2020. Her finn du informasjon om Helse Midt-Norge 2020.

Helse Sunnmøre skal vidareutviklast for å møte sentrale utfordringar og har utarbeidt forslag til ein strategi fram mot 2015.

Strategi for utvikling av Helse Sunnmøre:

  • Helse Sunnmøre skal gi eit differensiert tilbod med høg kvalitet for å sikre ei høg eigendekking (om lag 86 %) av spesialisthelsetenester til befolkninga på Sunnmøre, yte tenester til nærliggande kommunar der dette er teneleg for pasientane og vidareføre dei føretaksovergripande oppgåvene. 
  • Begge dei to sjukehusa skal vidareutviklast som lokalsjukehus og spesialisere seg og satse særleg på utvikling av tilbod knytt til dei utfordringane som befolknings- og sjukdomsutviklinga gir.
  • Vi skal sjå ressursane samla ved dei to sjukehusa med fokus på god kvalitet og god ressursutnytting. 

    Sentrale utfordringar
     • Endring i sjukdomsmønsteret og befolkningssamansetjinga
     • Auka behov for helsetenester.
     • Auka fokus på (dokumentert) kvalitet og standardisering.
     • Nye behandlingsmetodar og auka bruk av informasjonsteknologi
     • Meir aktiv pasientrolle.
     • Mangel på samhandling, for lite førebygging og for lang ventetid på behandling
     • Personellressursen blir knapp.
     • Spesialisthelsetenesta får trongare budsjett, mindre økonomisk vekst.
     • Endringar i kommunikasjon og prehospitale tenester.

Prosess
Helse Sunnmøre sin administrasjon utarbeidar strategidokument på oppdrag fra styret. Styret skal gi sine innspel til vidare bearbeiding. Strategidokumentet vil så bli sendt ut til aktuelle høyringsinstansar med høyringsfrist 20. mai 2010.

Her finn du alle sakene som har vore opp i styret til Helse Sunnmøre.

Høyringsdokumenta og høyringssvara kan du etterkvart laste opp frå menyane under: Høyringsdokument og Høyringssvar.
 

Kontaktpersonar:
Adm. dir. Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Fagdir. Odd Veddeng, mobil 48237885
Seniorrådgivar Anny Sønderland, mobil, 97539987
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 10.03.2010 11:45

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11