Det har vore utført ei analyse av framtidig aktivitet og kapasitet for sjukehuset i Volda. Styret for Helse Sunnmøre støttar Arkitektfirmaet C.F. Møller sine konklusjonar for bruk av bygningsmassen til Volda sjukehus, og at hovudideane frå planen blir lagt til grunn for den vidare planlegginga av sjukehuset.
Pressemelding
21. juni 2011
Leiinga i Helse Sunnmøre la i dag fram styresaka som omhandlar aktivitet og bygningsmessigutviklingsplan for Volda sjukehus. Hovudideen for planen er å skape eit sjukehus for framtida som samsvarar med Strategi 2015, og som kan gi eit kvalitativt løft overfor pasientar, pårørande og tilsette. Utviklingsplanen inneheld ei rekkje forslag til endringar i sjukehusfunksjonane si plassering og organisering for å skape større fleksibilitet og for å optimalisere drifta.
Det er utført følgjande analysar som grunnlag for utarbeiding av planane:
- Noverande og framtidige innleggingar og liggedøgn (aktivitetsanalyse)
- Noverande og framtidig poliklinisk aktivitet og dagbehandling
- Noverande og framtidig aktivitet for operasjons-,- intensivavdeling og akuttmottak
- Framtidig kapasitetsbehov for dei kliniske funksjonane
- Bygningsmessige føresetnadar
Utifrå høyringane ynskjer avdelingane det alternative gjennomføringsprosjektet – alternativ to. Dette inneber at ein ny sterilsentral blir etablert som eit påbygg. Kostnadsoverslaget på dette alternativet ligg på vel 266 mill. kroner, det opprinnelege forslaget har ei kostnadsramme på 261,7 mill. kroner. Parkeringsanlegg i tilknyting til parkeringsplass vil ha ein totalkostnad på 12 mill. kroner. Ombygginga vil skje etappevis, og gjennomførast i samsvar med tilgjengelege investeringsmidlar.
- Dette er eit viktig strategisk mål å arbeide opp imot – det er eit signal som viser at Volda sjukehus skal brukast og utviklast, seier styreleiar Marthe Styve Holte.
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089