Hopp til hovedinnhold

Vidare vekst for sjukehusa i Helse Sunnmøre - Strategi 2015 er godkjent

Styret i Helse Sunnmøre behandla i dag HSM sin Strategi 2015 og gjorde samrøystes vedtak. Styret går mellom anna  inn for at Volda sjukehus skal ha akuttberedskap 24 timar/7 dagar i indremedisin, anestesi og  ortopedi, og legg opp til 5 døgnpost i kirurgi/blautdelskirurgi - beredskap for inneliggande pasientar. Vidare ynskjer styret at det skal vere eit mål å etablere PCI-tilbod ved Ålesund sjukehus i  planperioden.

Pressemelding
22. juni 2010

 

I utarbeiding av Strategi 2015 har HSM lagt vekt på sentrale utfordringar som helseføretaket vil stå framfor dei neste åra, til dømes auka behov for helsetenester og meir satsing på dokumentert kvalitet og standardisering. Vidare er kravet om betre samhandling med kommunane til det beste for pasientane ei viktig målsetjing for helseføretaket på Sunnmøre. I følgje styreleiar Marthe Styve Holte gir Strategi 2015 eit godt grunnlag for vidare samarbeid med kommunane og fastlegane.

Helse Sunnmøre har hatt ein demokratisk og brei prosess rundt arbeidet med Strategi 2015. Det har vore ein open høyringsprosess det har vore tatt omsyn til høyringssvara som og har vore tilgjenglege for befolkninga på nett. Målgruppa for høyringsdokumentet femna om brukarorganisasjonar, kommunar, fagorganisasjonar og avdelingane i Helse Sunnmøre m. fl. Det har vidare vore haldt ei brei møteverksemd for å gi informasjon til ulike målgrupper. Styret har tidlegare gått gjennom høyringsuttalane og gav innspel til vidare arbeid i administrasjonen. Leiarrådet har behandla strategien, og har slutta seg samrøystes til framlagte forslag.

Det vil bli utarbeidd ei handlingsplan for konkretisering av den vidare oppfølginga av Strategi 2015.

 

Styret vedtok følgjande punkt:

 1. Strategi 2015 skal sikre ei satsing på prioriterte pasientgrupper og ei tilpassing av tilbodet til endringar i befolkninga. Det er særleg viktig at vi klarer å sikre gode tilbod til pasientar med samansette lidingar og pasientar som har behov for tilbod på fleire nivå. Strategi 2015 må sjåast i samanheng med Strategi 2020 for Helse Midt-Norge.
 
 2. Samhandling med kommunane skal ta utgangspunkt i dei innkomne høyringsuttalane frå kommunane. Vedteken samhandlingsavtale blir det viktigaste utgangspunktet for vidare samarbeid. Det skal leggjast vekt på å sikre ei parallell omstilling i kommunane og spesialisthelsetenesta.

 3. Styret sluttar seg til at sjukehusa er viktig for lokalsamfunna og har ei sentral rolle for helsetilbodet samla i området. For å ivareta eit tilfredsstillande tilbod til befolkninga på Sunnmøre skal det framleis satsast på utvikling av begge sjukehusa i Helse Sunnmøre sjølv om det av omsyn til framtidig krav til kvalitet og effektiv ressursbruk også må skje endringar av arbeidsdelinga mellom sjukehusa.

 4. Fødetilbodet og tilbodet innan gynekologisk kirurgi må vidareutviklast i samsvar med nasjonal føringar. Det skal leggjast fram ny sak til styret etter regionale og nasjonale avklaringar. I dette arbeidet skal det takast geografiske omsyn.

 5. Ved Volda sjukehus skal det i planperioden fram til 2015 vere akuttberedskap 24 timar/7 dagar innanfor indremedisin, anestesi, ortopedi og 5-døgnspost innan kirurgi/blautdelskirurgi med beredskap for inneliggande pasientar. All augeblikkeleg hjelp innan blautdelskirurgi skal gå til Ålesund sjukehus. Tilbodet innan kirurgi og ortopedi skal i større grad utviklast samla for dei to sjukehusa gjennom felles planlegging av tilbodet, samordning av ventelister og fagleg samarbeid.

 6. Det skal etablerast eit prosjekt for vidare utvikling av rehabiliteringstenesta i samsvar med overordna føringar og fagleg utvikling. Kommunane, brukarar, Helse Nordmøre og Romsdal og Muritunet skal inviterast til å delta i prosjektet.
 
 7. Styret ser positivt på at høyringsinstansar stiller spørsmål om kva som er rett prioritering, og legg til grunn av dette vil vere sentral del av evalueringa av PCI- 
 tilbodet (akutt behandling av hjerteinfarkt) som Helse Midt-Norge skal gjennomføre i 2010. Av omsyn til likeverdige tenester for befolkninga på Sunnmøre og nærliggande kommunar både i sør og nord, meiner styret framleis det må vere eit mål å etablere PCI- tilbod ved Ålesund sjukehus i planperioden.
 
 8. Styret vil understreke at kvalitet skal vere styrande. I samband med utvikling av ein kvalitetsstrategi må brukarar og brukarorganisasjonar trekkjast med. Arbeidet må koplast nært til forskings- og utviklingsarbeidet i helseføretaket og ei større satsing på internkontroll/revisjonar.
 
 9. Styret vil understreke at det er viktig å vidareutvikle dei prehospitale tenester m.a. for å sikre tilpassingar i forhold til ny oppgåvefordeling. Styret viser her til regional plan som skal utarbeidast.
 
 10. Styret viser til framtidige utfordringar knytt til rekruttering og kompetansekrav. Styret ber om at dette får særskilt fokus i eit samarbeid med kommunane.
 
 11. Styret ber om at det blir utarbeidd handlingsplan med risikovurdering for gjennomføring av Strategi 2015.
 
 12. Styret ber om at det blir laga ein plan for  rekruttering og fagutvikling i tråd med Strategi 2015.

 
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 22.06.2010 14:05

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11