Pressemelding
23. februar 2010
Aktiviteten innanfor forsking- og utvikling i Helse Sunnmøre er aukande. Fleire avdelingar og fleire profesjonar søkjer forskingsutvalet om midlar til forsking- og utvikling. Dette er ein positiv trend som det er viktig å støtte. Forsking- og utvikling fører til aktive og kritiske faglege miljø som igjen borgar for betre fagleg kvalitet på tenestene føretaket yter til pasientane.
Arbeidet i forskingsutvalet
Helse Sunnmøre har eit forskingsutval med 12 medlemmer, henta frå ulike profesjonar og avdelingar. Forskingsutvalet i Helse Sunnmøre som hovudoppgåve å legge til rette for forsking- og utviklingsarbeid i føretaket, mellom anna tildeler utvalet midlar til prosjekt etter søknad.
I byrjinga av 2009 melde fem av doktorgradskandidatane i helseføretaket at dei rekna med disputas i løpet av året. For dei fleste av desse skuldast manglande disputas at det har teke lang tid å få akseptert dei vitskaplege artiklane dei har sendt til tidsskrift med fagfellevurdering.
Helse Sunnmøre har mange mastergradsstudentar, og alle går på deltidsstudium.
Nokre tal frå indikatorrapportane til Helse Sunnmøre dei fire siste åra:
|
Indikator |
2009 |
2008 |
2007 |
2006 |
|
Doktorgradsdisputasar |
0 |
1 |
0 |
0 |
|
Avslutta mastergrader |
2 |
2 |
1 |
5 |
|
PhD-studentar |
14 |
15 |
14 |
12 |
|
Mastergradsstudentar |
16 |
15 |
12 |
8 |
|
Refereebedømte publikasjonar |
21 |
19 |
13 |
12 |
|
Vitskaplege presentasjonar på nasjonale og internasjonale kongressar |
36 |
36 |
15 |
13 |
I tillegg har helseføretaket :
• 20 % stilling som førsteamanuensis innan somatikk (NTNU med arbeidsoppgåver i Helse Sunnmøre)
• 50 % stilling som førsteamanuensis innan psykiatr (RBUP med arbeidsoppgåver i Helse Sunnmøre).
• 10 % professorat i kreftavdelinga/NTNU
• Tre lektorat i 20 % stilling med ansvar for studentundervisning
Framtidige behov
Sjølv om helseføretaket kan vise til auka forskingsaktivitet siste åra er forskingsaktiviteten i Helse Sunnmøre flata noko ut 2009. Folk har problem med å gjennomføre planlagde forskingsoppgåver. Betre forskingsstøtte må til for å auke aktiviteten noko det er laga rom for i 2010. Auka løyvingar til forskings- utviklings- og innovasjonsarbeid skal nyttast til betring av infrastuktur: Rettleiarar, støtte til planlegging i avdelingane, og tilrettelegging av bibliotektenester, tenleg programvare, opplæring om forsking, prosjektarbeid og bruk av dataverktøy samt bibliotektenester er stikkord for det vidare arbeidet.
Det er og av stor verdi å arbeide med implementering og korleis avdelingane kan gjere seg nytte av forskinga som blir gjort i føretaket.
Styret i Helse Sunnmøre er oppteken av at helseføretaket skal styrke forskingsaktiviteten, og er derfor nøgd med at ein har klart å auke denne aktiviteten siste åra. Auka forskingsaktivitet er og eit krav frå eigar, og styret meinar det er av stor verdi å stimulere til ytterlegare auka forskingsaktivitet i åra framover.
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm.direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089