Hopp til hovedinnhold

Strategi 2015 som sak på styremøte

Helse Sunnmøre la i dag fram høyringsutkast Strategi 2015.

Helse Sunnmøre skal vidareutviklast for å møte sentrale utfordringar og har utarbeidt forslag til ein strategi fram mot 2015.
 
Sentrale utfordringar
 • Endring i sjukdomsmønsteret og befolkningssamansetjinga
 • Auka behov for helsetenester.
 • Auka fokus på (dokumentert) kvalitet og standardisering
 • Nye behandlingsmetodar og auka bruk av informasjonsteknologi
 • Meir aktiv pasientrolle
 • Mangel på samhandling, for lite førebygging og for lang ventetid på behandling
 • Personellressursen blir knapp
 • Spesialisthelsetenesta får trongare budsjett, mindre økonomisk vekst.
 • Endringar i kommunikasjon og prehospitale tenester
 

Strategi for utvikling av Helse Sunnmøre
• Helse Sunnmøre skal gi eit differensiert tilbod med høg kvalitet for å sikre ei høg eigendekking (om lag 86 %) av spesialisthelsetenester til befolkninga på Sunnmøre, yte tenester til nærliggande kommunar der dette er teneleg for pasientane og vidareføre dei føretaksovergripande oppgåvene.

• Begge dei to sjukehusa skal vidareutviklast som lokalsjukehus og spesialisere seg og satse særleg på utvikling av tilbod knytt til dei utfordringane som befolknings- og sjukdomsutviklinga gir.

• Vi skal sjå ressursane samla ved dei to sjukehusa med fokus på god kvalitet og god ressursutnytting.

 

Volda sjukehus
For å møte utfordringa med endra alderssamansetjing i befolkninga og sjukdomsutviklinga skal Volda sjukehus prioritere dei mest vanlege lokalsjukehusoppgåvene. Dette gjeld dei store sjukdomsgruppene, kronisk sjuke og sjuke eldre pga behovet for nærleik til tenestene og stort behov for samhandling med kommunane. Det er innanfor desse områda vi forventar stor etterspørsel/auka behov.

 

Ålesund sjukehus
Ålesund sjukehus skal også prioritere dei mest vanlege lokalsjukehusoppgåvene. Av omsyn til befolkningskonsentrasjon, geografi, beredskapsbehovet og likeverdige helsetenester skal Ålesund sjukehus vere det mest differensierte sjukehuset etter St Olavs Hospital og ha eit godt traumemottak. Vi skal oppretthalde målet om framtidig PCI (behandling av akutt hjerteinfarkt) i Ålesund.


Modellar for utvikling av sjukehusa – med vekt på funksjonsfordeling mellom Volda- og Ålesund  sjukehus
Styret i Helse Sunnmøre er opptatt av kva for oppgåvefordeling som er best tenleg for innbyggjarane på Sunnmøre, og korleis oppgåvedelinga bør vere mellom Ålesund- og Volda sjukehus. Ein bør sjå kven av dei ulike modellane som kan vere eit virkemiddel for å løyse utfordringsbildet ein står overfor.

Styret i Helse Sunnmøre har tidlegare bedt om at fire modellar for utvikling av sjukehusa skulle bli vurdert nærare. Helse Sunnmøre har i strategiarbeidet lagt vekt på  nasjonale føringar og arbeidet med Startegi 2020 i Helse Midt-Norge. Det har og vore føretatt intervju av fagpersonar for å få fram ulike argument for og imot dei ulike modellane.

Kvaliteten skal vere overordna for oppgåvefordeling mellom sjukehusa. Dette betyr at begge sjukehusa må vere innstilt på endring av oppgåver. Helse Sunnmøre skal ha meir dagbehandling og poliklinisk behandling og redusert bruk av senger for å sikre betre kvalitet og meir effektiv ressursbruk.


Styret slutta seg til å sende ut ”Strategi 2015 Helse Sunnmøre HF – høyringsdokument” som ei brei høyring til aktuelle høyringsinstansar med frist 20. mai 2010.

            
 
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 10.03.2010 16:33

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11