Prosessen framover vil vere prega av medverknad frå sentrale samarbeidspartnarar.
Pressemelding
23. november 2010
Gjennom det vidare arbeidet med Strategi 2015 har Helse Sunnmøre prioritert og hatt fokus på nokre område; kvalitetsarbeid, kirurgitilbodet samt psykiatri. Det vil mellom anna bli utarbeida ein kvalitetsstrategi og det skal opprettast ei arbeidsgruppe som skal arbeide vidare med utvikling av kirurgitilbodet i samsvar med vår strategi.
Andre område det skal arbeidast med er mellom anna fødetilbodet, samhandling med kommunane og pasientforløp.
Ved utarbeiding av Strategi 2015 la vi vekt på medverknad frå brukarar, kommunar og tilsette. Medverknad vil også vere sentralt i samband med iverksetting av strategien, og vi har fokus på informasjon.
Leiarråd i Helse Sunnmøre vil ha ei sentral koordinerande rolle. Det vil bli utarbeidd handlingsplanar og sett ned arbeidsgrupper.
I følgje styreleiar Marthe Styve Holte er det viktig at ein tar tak i oppfølgingsarbeidet i samband med Strategi 2015. Holte gav uttrykk for at ho er godt nøgd med at ein har fokus på områda kvalitetsarbeid, kirurgitilbodet samt psykiatri. Styreleiaren poengterte og verdien av samhandlinga som spesialisthelsetenesta har med kommunane.
Forholdet til overrodna føringar
Vi må framover også ta omsyn til overordna føringar m.a. Strategi 2020 for Helse Midt-Norge og Nasjonal helse- og omsorgsplan. I samband med iverksettinga må vi inkludere nye føringar.
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089