Positiv utvikling i kvalitetsindikatoren epikrisetid.
Pressemelding
26. oktober 2010
Sjukehusa i Helse Sunnmøre kan vise til ein markant nedgang i epikrisetid. Frå å ha den lengste epikrisetida i landet syner no denne kvalitetsindikatoren ein markant framgang. Minst 80% av epikrisane skal vere utsendt innan 7 dagar etter at pasientane er utskrivne. I førre periode var 59,35% av epikrisane utsendte etter 7 dagar. I denne perioden kan vi vise til ein framgang på 13%, dvs at 72.5% av epikrisane er utsendte i rett tid.
Fleire store avdelingar har synt ei vesentleg betring frå førre periode.
Leiinga i helseføretaket vil framleis arbeide vidare for å nå måla innanfor kvalitetsindikatorane epikrisetid, fristbrot og strykingar i operasjonsprogrammet.
Vi er godt nøgde med nedgangen i epikrisetida og vil framleis jobbe systematisk for å fange opp flaskehalsane i epikrisane sin logistikkprosess, seier adm. direktør Astrid J. Eidsvik.
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089