Hopp til hovedinnhold

Høyring – ny inntektsfordelingsmodell i Helse Midt-Norge

Saka vart behandla i styret til Helse Sunnmøre i dag.

Pressemelding
21. juni 2011

 

 

Styret for Helse Midt-Norge har vedteke at Magnussen-modellen skal nyttast for å fordele inntektsrammer til helseføretaka i Helse Midt-Norge (HMN). Styresak om utforminga av modellen skal leggast frem for det regionale styret i september 2011. –Dersom modellen blir gjennomført slik forslaget ligg føre frå HMN betyr det ei svekka inntektsramme for det nye Helse Møre og Romsdal på 133 mill. kroner. Dette er ein modell som på denne måten vil gi ei stor omfordeling av ressursar frå Møre og Romsdal til St. Olavs Hospital og Helse Nord-Trøndelag, seier adm. direktør Astrid J. Eidsvik.

Saka var i dag oppe på styremøte i Helse Sunnmøre. Både brukarutvalet i Helse Sunnmøre og Arbeidsmiljøutvalet (AMU) som behandla saka før styret si behandling, uttrykte sterk bekymring for manglande grunngjeving for utøving av viktige parameter i tilknyting til den nye finansieringsmodellen. Brukarutvalet var og oppteken av kva verknad dette får for pasienttilbodet framover, medan AMU etterlyste ei konsekvensvurdering av innføring av modellen i samband med vedtaket gjort i Helse Midt-Norge sitt styre.

Styret i HSM behandla høyringsutkastet i sitt styremøte i dag og gjorde følgjande vedtak:

            ”1. Styret for Helse Sunnmøre anbefaler at kostnadsindeksane i ”Magnussenmodellen” utredes nærmere.

            2. Styret for Helse Sunnmøre anbefaler et somatiske gjestepasientoppgjør på 100 % av nasjonal pris for regionsykehuspasienter og 80 % av nasjonal pris for lokalsykehuspasienter.

            3. Styret anbefaler at modellen implementeres for 2012 med ingen omfordelingseffekter. Modellen bør implementeres over fem år.

            4. Styret anbefaler at omfordelingseffektene i modellen blir holdt tilbake i HMN for å skape økt overskudd i perioden.”

                         

 Styreleiar Marthe Styve Holte er oppteken av at dette må utgreiast nærmare før ein startar implementering av modellen.

 

                         

For ytterlegare informasjon:

 Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 21.06.2011 15:20

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11