Hopp til hovedinnhold

God styring av Helse Sunnmøre

Kvalitet på tenestene er hjørnesteinen i styringa av Helse Sunnmøre som har aldri har levert betre resultat.

Pressemelding
21. desember 2010

Styret i Helse Sunnmøre ser det som særs positivt at leiinga i helseføretaket har fokus på kvalitetsindikatorane og at ein har satt inn tiltak for å betre resultata på desse. Denne innsatsen har gitt resultat. Frå å ha hatt dei dårlegaste måltala på epikrisetid kan no sjukehusa på Sunnmøre vise til at ein har oppnådd det nasjonale måltalet. Kravet er at minst 80% av epikrisane skal vere utsendt innan 7 dagar etter at pasientane er utskrivne frå norske sjukehus. Helse Sunnmøre kan samla sett vise til ei epikrisetid på 83%.

Talet på fristbrot er og halvert denne perioden, men helseføretaket har utfordringar knytt til strykingar av planlagde operasjonar. Ventetida har gått ned sidan førre periode og vi vil ha sterkare fokus på å ta ned ventetida ytterlegare. Helse Sunnmøre vil arbeide vidare med å oppnå fastsette målkrav for alle gjeldande kvalitetsindikatorar.

Ein annan positiv trend er at sjukefråværet er redusert samanlikna med same periode i fjor. –Eg er nøgd med den særs konstruktive utviklinga til Helse Sunnmøre, og vi vil jobbe systematisk for at denne utviklinga skal fortsette, seier adm. direktør Astrid J. Eidsvik som og la vekt på at ein hadde ikkje oppnådd  den positive utviklinga utan dyktige medarbeidarar. I følgje Eidsvik har Helse Sunnmøre aldri levert betre resultat.

Styret er og nøgd med at Helse Sunnmøre er i ein situasjon der ein har skapt seg økonomisk handlingsrom.

 
For ytterlegare informasjon:
Nestleiar i styret for HSM, Tom W. Christiansen, mobil 91664672
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 21.12.2010 14:28

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11