Styret i Helse Sunnmøre vart i dag presenterte for utviklingsplanen for sjukehuset i Ålesund. Utviklingsplanen er meint som ein rammeplan, og styret i helseføretaket gjekk inn for at hovudideane i planen blir lagt til grunn for den vidare verksemda.
Pressemelding
26. oktober 2010
Ålesund sjukehus vart bygt i 1971 og er ikkje tilpassa moderne sjukehusdrift. Den økonomiske situasjonen har vore slik at den ikkje har gitt rom for nyinvesteringar utover ny barneavdeling. Arbeidet med utviklingsplanen som vart utarbeida i 2007 har derfor ikkje blitt prioritert.
Leiinga i Helse Sunnmøre har ikkje høve til å leggje fram eit samla utviklingsprosjekt for styret, men ynskjer etappevise ombyggingar ut frå driftsmessige og økonomiske omsyn.
Utviklingsplanen har til siktemål å skape eit sjukehus for framtida som baserer seg på fleksibilitet der ein gjennom bygningsmessige endringar legg til rette for ei optimalisert drift.
Styret støttar konklusjonane om rehabilitering av sjukehusbygget. Medlemmane i styret gjekk inn for at hovudideane frå utviklingsplanen blir lagt til grunn for den vidare verksemda ved sjukehuset.
Helse Sunnmøre har og starta arbeidet med å utarbeide ein utviklingsplan for Volda sjukehus.
-Dette må vi sjå på som ein intern plan og ombygginga må vi ta steg for steg etter kvart som vi klarer å skape eige handlingsrom, seier Marthe Styve Holte.
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089