Hopp til hovedinnhold

Endring i besøksordninga ved barselseksjonane i Helse Sunnmøre

Frå januar 2010 er det berre far (eller annan partnar) samt søsken som kan kome på besøk til barselpasienten og den nyfødde.

Pressemelding
18. januar 2010

 
 
 
I samband med smittereduserande tiltak ved ”Ny influensa” H1N1 (svineinfluensa) har det vore innført besøksrestriksjonar frå oktober 2009 ved alle barselseksjonane i HSM. Helsemyndigheitene har no nedskreve beredskapsnivået i forhold til smitterisiko og utbreiing av svineinfluensa, og dei anbefaler tillemping av restriksjonar.  
 
Vårt helseføretak innførte kortare liggetid for barselpasientar frå 1. januar 2010. Ein føresetnad for at våre barselpasientar skal få eit optimalisert barselopphald, er at vi klarer å skape ro rundt mor og barn. Dette er særdeles viktig for at amminga skal etablerast så raskt som muleg. Med mange besøkande i avdelinga er det ei utfordring å skape ei uforstyrra atmosfære for den vesle familien i den korte tida dei er hos oss.
 
Kvinneklinikken innfører derfor endra besøksordning for barselpasientar ved barselavdelingane i Ålesund og Volda, samt ved barselhotellet i Ålesund.
 
Frå januar 2010 er det berre far (eller annan partnar) samt søsken som kan kome på besøk til barselpasienten og den nyfødde. Det vil framleis vere kviletid for mor og barn i tidsrommet frå klokka 13:00 – 15:00 kvar dag.
 
Vi håper på forståing for desse endringane i besøksordningane.
 
           
           
For ytterlegare informasjon:
Avd.sjef ved kvinneklinikken Janita Skogeng, mobil 91666870
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 18.01.2010 11:25

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11