Hopp til hovedinnhold

Tiltak for å kome i balanse 2009 – Budsjett 2010

Helse Sunnmøre skal redusere sengekapasiteten innan somatikk med mellom 30 – 40 senger.

Pressemelding
27. oktober 2009

 

Leiinga i Helse Sunnmøre har gjennom ulike analyser og samanlikning med andre helseføretak kome fram til at sjukehusa innan mange fagområde har for lang liggetid, ein del av problemstillinga er at utskrivingsklare pasientar blir liggande for lenge. I tillegg arbeider ein systematisk etter LEON-prinsippet – pasientane skal behandlast på beste og lågast mogleg omsorgsnivå. Dette er til det beste for pasientane, det er betre med poliklinisk- og dagbehandling kontra å vere innlagt på sjukehus. LEON-prinsippet er og bakgrunnen for oppretting av observasjons- og hotellsenger. Utgangspunktet er å kome fram til beste praksis overfor pasientane.

-Helse Sunnmøre har krav om økonomisk balanse - samtidig tilnærmar vi oss problemstillinga ut i frå eit kvalitetsaspekt overfor pasientane. God kvalitet gir og god økonomi, seier adm. direktør Astrid J. Eidsvik.

Med bakgrunn i tidlegare utført analysearbeid har fleire avdelingssjefar fått krav om å utgreie konsekvensen av å redusere tal senger. Avdelingane vart også pålagt å Ros-analysere reduksjonen.

I følgje styreleiar Marthe Styve Holte er god og effektiv organisering det som sikrar best fagleg utvikling og kvalitet - samt at det fremjar eit press som ein treng for endring  - til dømes i arbeidet med pasientforløp.


Styret gjorde følgjande vedtak:
Med bakgrunn i samanliknande analyser av liggjetid for DRG-grupper mellom Helse Sunnmøre og andre aktuelle helseføretak i landet, sluttar styret seg til at arbeidsprosessar blir endra slik at sengekapasiteten innan somatikk blir redusert med mellom 30 – 40 senger allereie i november 2009. Styret gir fullmakt til adm.direktør å fordele sengereduksjonen mellom dei aktuelle avdelingane. 

            
           
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 27.10.2009 14:44

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11