Her finn du informasjon om arbeidet med å etablere eitt helseføretak for Møre og Romsdal. Det nye helseføretaket skal avløyse dagens to føretak (Helse Sunnmøre HF og Helse Nordmøre og Romsdal HF) og vere på plass seinast 1. juli 2011. Målet er å samordne og utvikle tenestetilbodet til befolkninga for å sikre god kvalitet. Fusjonsprosessen skal ikkje gå utover pasientbehandlinga.
Ved å velje fane under, kan du få fram lister med de siste nyheitene knytt til prosessen. Det er også oppretta eit eige dokumentarkiv som er offentleg tilgjengeleg. Helse Midt-Norge ønskjer på denne måten å bidra til openheit rundt fusjonsprosessen.
Det er innleia samarbeid med tillitsvalte og det regionale helseføretaket har oppretta eit eige prosjekt for å ivareta førebuingane til etablering av det nye helseføretaket. Styringsgruppa er leia av direktør for eigarstyring Torbjørg Vanvik og Lars Magnussen er prosjektleiar. Tilsette skal bli ivaretatt og høyrt i prosessen.
Etter planen skal styret for Helse Midt-Norge RHF stifte det nye helseføretaket og oppnemne styre den 3. mars 2011. Deretter vil styret for det nye helseføretaket starte arbeidet for å finne ein administrerande direktør.