Det viktigaste arbeidet skjer i skule, barnehage og frivillig sektor. Helse Sunnmøre vil i samarbeid med kommunane bidra meir. Det var bodskapet frå Marthe Styve Holte, styreleiar i Helse Sunnmøre, under Storfjordkonferansen 2010.
1.september gjekk Storfjordkonferansen 2010 av stabelen. Konferansen er ein årleg møteplass mellom spesialisthelsetenesta og kommunane. Målet er eit enno betre helsetilbod i regionen vår.
Reform med krav
Samhandlingsreformen vil stille heilt nye krav til helseaktørane. Ikkje minst innan førebyggande arbeid som var hovudtema for konferansen i år. Helse Sunnmøre var representert på programmet med Styve Holte og kreftlege Gunnar Indrebø.
Samarbeid om førebygging
Styve Holte fokuserte på Helse Sunnmøre sin Strategi 2015 i sitt innlegg. Strategien løftar førebyggande arbeid opp som et viktig tema. Ho fortalte at helseføretaket har inngått ein avtale med kommunane der førebyggingsperspektivet er løfta fram for å sjå på korleis denne delen av helsetilbodet skal styrkast og gjennomførast i praksis, men ho stilte og spørsmål om det burde lagast ein eigen avtale som omhandlar dette feltet.
Ekspertise
Ho understreka at Helse Sunnmøre vil bidra aktivt til ein god dialog med kommunane, i tillegg til å bidra med si ekspertise til bygging og utveksling av kompetanse.
Sjå presentasjonen til styreleiar Marthe Styve Holte her.
Formidla kompetanse
Ein av dei som sit på slik kompetanse er kreftlege Gunnar Indrebø. Under Storfjordkonferansen formidla han forskingsresultat som viser korleis kreft kan førebyggast alt frå barndommen av. Denne kunnskapen vil vere særleg nyttig som grunnlag for det førebyggande helsearbeidet.
Sjå presentasjonen til Gunnar Indrebø her.
Samarbeidsprosjekt
Storfjordkonferansen 2010 vart arrangert i samarbeid mellom Helse Sunnmøre, Muriparken, Ålesundregionens Utviklingsselskap (ÅRU), Romsdal Regionråd (ROR) og Kommunenes Sentralforbund (KS).
Her kan du finne alle presentasjonane frå konferansen.