Forskingsbasert modell for dokumentasjon av sjukepleiepraksis. VIPS-modellen si rolle i standardisert sjukepleiedokumentasjon.
|
Torsdag og fredag i veke 41 var det duka for kurs i sjukepleiedokumentasjon nærmare bestemt bruk av VIPS-modellen. VIPS-modellen (Velvære – Integritet – Profylakse – Sikkerheit) vart utvikla i Sverige, og er ein forskingsbasert modell for dokumentasjon av sjukepleiepraksis. Dette er ein modell for dokumentasjon av sjukepleie og omsorg i pasientjournalen bygt opp som eit flytdiagram der bestemte søkeord har sin plass på dei ulike fasane i sjukepleieprosessen. Verktyet vart innførd som standard for sjukepleiedokumentasjon i DocuLive i Helse Midt Norge i 2002. Modellen er internasjonalt anerkjend og er omsatt til fleire språk.
|
 Tre engasjerte kvinner. Frå venstre Berit Hagen, Margareta Ehnfors og Marit Kjersem.
|
Fokus på sjukepleiedokumentasjon
Konferansen som vart arrangert på sjukehuset i Ålesund er eit resultat av samarbeid mellom rådgjevar Marit Kjersem ved vår fagavdeling og Høgskolen i Ålesund, Institutt for helsefag ved førstelektor Berit Hagen. Margareta Ehnfors - ein av grunnleggarane til VIPS-modellen var foredragshaldar. Ehnfors som tidlegare arbeidde som sjukepleiar er i dag professor ved Ørebro Universitetet i Sverige.
Medarrangør Kjersem er særs nøgd med at Helse Sunnmøre har fokus på sjukepleiedokumentasjon og at det vert brukt ressursar på dette arbeidet. Det er av stor verdi å fange opp heile faget til sjukepleiarane. I følgje den engasjerte rådgivaren er ho stolt og glad over å kunne vere med å løfte opp sjukepleiefaget også på dette området.
Målgrupper for konferansen var sjukepleiarar og hjelpepleiarar i Helse Sunnmøre samt lærarane ved Institutt for helsefag ved Høgskolen i Ålesund. Om lag 80 deltakarar møtte opp for å få påfyll av kunnskap desse to dagane.
Kvifor ein modell?
Sjukepleie handlar mellom anna om å fange opp allmenneskelege og personlege behov, og det er i følgje Ehnfors ei utfordring å utarbeide kortfatta sjukepleiedokumentasjon når ein pleiar pasientane 24 timar i døgnet.
Sjukepleiedokumentasjon og sjuekepleieforsking har hatt ei konstruktiv utvikling sidan 1950-åra. Tidlegare var det fokus på det fysiske – det var det som skulle dokumenterast og ikkje som no i stadig større grad pasientens personlege meistringsevner både på det fysiske, psykosomatiske og sosiale nivå. Kultur er og eit vesentleg stikkord, i vår globaliserte verd er det av stor verdi å vere observant på kulturforskjellar.
Dokumentasjon som speglar verkelegheita
-Det handlar om å dele makt og ansvar saman med pasienten, og å dokumentere heile personen sitt behov, sa Margareta Ehnfors. Fokus på pasient sin integritet er vesentleg. Den kunnskapsrike foredragshaldaren fokuserte på å forbetre kvaliteten ved å få det praktiske sjukepleiearbeidet inn i forskinga.
Informasjonsteknologi av høg kvalitet er sjølvsagt vesentleg for all god sjukepleiedokumentasjon. Ved hjelp av elektronisk pasientjournal har ein eit godt verkty for også å analysere data – informasjon som kan summerast til kunnskap. Eit døme er systematisk risikobedømming for fallskadar - skrive inn slike hendingar i EPJ og utarbeide ein plan for å førebygge fall. Pasientsikkerheit står i fokus for Margareta Ehnfors - pasientjournalar skal vere evidensbaserte, standardiserte og tilgjengelege.
God dokumentasjons er vesentleg - det kan vere er disharmoni mellom det som står i journalen og pasienten sin verkelegheit. Dette viste Ehnfors med eksempel på dokumenterte trykksår og reelle trykksår Det er vesentleg at pasienten sitt medverknad er synleg.
Modellen
På slutten av foredraga viste Ehnfors den skjematiske modellen og gjekk inn på enkelte søkeord. Å nytte VIPS-modellen sitt forløp og nytte søkeorda i ein systematisk og strukturert prosess har medvirka til forbetra kvalitet og lågare kostnadar. Kommunikasjon krev klare omgrep. Professoren var innom kjerneprosessen i eit generelt behandlingsforløp ved bruk av denne modellen; sjukepleieanamnese, pasientstatus – sjukepleiediagnose – forventa resultat/sjukepleiemål - sjukepleietiltak – sjukepleieresultat – informasjonsoverføring under sjukepleieforløpet. Modellen inneheld aktuelle søkeord ein kan nytte under til dømes pasientstatus og sjukepleietiltak.
Kurset vart avslutta med ein dialog mellom foredragshaldar og tilhøyrarane utifrå stikkorda:Styrker og svakheiter med eigen dokumentasjon ved bruk av VIPS-modellen.

Omlag 80 personar deltok på kurset desse to dagane.
Det kjem ei oppfølgingssak om dette i magasinet SunnMøring.