Fem tilsette gjekk av med pensjon på sjukehuset i Volda i år.
Tre av dei fem medarbeidarane i Helse Sunnmøre møtte i dag opp til eit avslutningsarrangement i ei festpynta kantine på sjukehuset i Volda. Adm. direktør Astrid J. Eidsvik og personaldirektør Olav Finnøy var vertskap for tilstellinga. Som takk for innsatsen fekk medarbeidarane personleg overlevert ein spesialdesigna vase frå Hadeland Glassverk.
Tradisjonen tru vart gjestane ynskt velkomne i julepynta lokale og fekk servert julemiddag. Astrid J. Eidsvik takka medarbeidarane for den innsatsen dei har gjort under sitt virke på Volda sjukehus.

Frå venstre: Kari Inger Vik Straume, Britt Oterholm og Kirsti Møll Berg.
Desse hadde ikkje høve til å delta: Liv Ester Lillebø og Gretha Slettedal.