Ein revisjon gjennomført blant leverandørar av helsepersonellvikarar til norske sjukehus viser at leverandørane på nokre punkt ikkje følgjer opp dei nasjonale rammeavtalene.
Ein revisjon gjennomført blant leverandørar av helsepersonellvikarar til norske sjukehus viser at leverandørane på nokre punkt ikkje følgjer opp dei nasjonale rammeavtalene.
Revisjonen blei gjennomført i sommar av internrevisor i Helse Vest etter oppdrag frå dei fire regionale helseføretaka. I revisjonen såg ein nærare på tre hovudområde:
1. Kvaliteten på inneleigd personell
2. Kvaliteten på behandlinga av ordrar og fakturering hos leverandøren
3. Kontraktfesta plikter
Revisjonen har blant anna vist at sjekk av autorisasjon, merknader, CV-ar, attestar og referansar for helsepersonellet ikkje alltid er dokumentert i tråd med krava i avtalene. (Det betyr ikkje at dette ikkje er gjort i tråd med rutinane, men leverandørane kan ikkje dokumentere det.)
Det er også avdekt enkelte manglar knytt til fakturering, arbeidsavtale og overhalding av arbeidstidsavgjerder.
Det var i mai/juni 2009 at helseføretaka i Norge inngjekk felles nasjonale rammeavtaler med 15 leverandørar om kjøp av vikartenester. Helseføretaka ønskte ved dette å bidra til ei høgare profesjonalisering blant leverandørane av vikartenester. Dette skulle gi auka tryggleik i pasientbehandlinga ved at helseføretaka får kvalitetssikra tenestene, samtidig som det blir lagt til rette for betre ressursutnytting. Dei nasjonale rammeavtalene sikrar at talet på leverandørar er tilstrekkjeleg med tanke på etterspurnad og nødvendig kompetanse innan dei ulike faggruppene. Avtalene sikrar også at dei ulike helseregionane har lik til tilgang til vikartenester.
I avtalene er det lagt til grunn at det skal kunne gjennomførast revisjon i avtaleperioden.
- Internrevisjonar er eit viktig virkemiddel for å sikre at begge partar etterlever avtalane. Vi vil ha kompetente, ansvarlege og kvalitetsbevisste leverandørar. Vi er ikkje tent med at det kan bli sådd tvil rundt vikarane vi bruker i sjukehusa våre. Derfor er det svært viktig at vikarbruken skjer i tråd med intensjonane i avtalane, seier HF-direktør Sveinung Aune i Helse Midt-Norge RHF.
Som resultat av internrevisjonen er det sett i verk ei rekkje tiltak for å styrke kvalitetskontrollen og etterleving av avtalane, til dømes:
• Oppgradering av leverandørane sine IKT-system
• Nye krav til leverandørane
• Forbetring av rutinar for bestilling av sommarvikarar
• Nasjonal konferanse om vikarbruk
- HINAS og dei regionale helseføretaka starta oppfølging av leverandørane før den endelege revisjonsrapporten låg føre, seier Sveinung Aune. Leverandørane har krav til å etablere IKT-baserte dokumentasjonssystem. Inntil disse er på plass har vi valt å innføre manuelle system som skal tilfredsstille alle kvalitetskrav. Vi har også innført eit system for å melde avvik, og månadleg oppfølging av disse.