Helse- og omsorgsdepartementet gjennomfører ei open netthøyring som eit ledd i arbeidet med Nasjonal helse- og omsorgsplan (2011 - 2015). Både tradisjonelle høyringsinstansar og alle andre inviterast til å seie si meining om framtidas helse- og omsorgsteneste.
Sjølve planen skal leggast fram som ei stortingsmelding våren 2011. Høyringssvara vil vere viktige innspel til meldingsarbeidet. Både privatpersonar, verksemder og organisasjonar vert inviterte til å delta.
Likeverdig tilbod
Regjeringa la fram samhandlingsreforma i 2009. Målet med reforma er å redusere sosiale helseforskjellar, og at alle skal ha eit likeverdig tilbod om helse- og omsorgstenester uavhengig av diagnose, bustad, personleg økonomi, kjønn, etnisk bakgrunn og den einskildes livssituasjon. Når sjukdom rammar, er det viktig at folk skal oppleve at dei får tilbod om behandling og pleie med kort ventetid og med størst muleg nærleik til brukaren. Nasjonal helse- og omsorgsplan skal syne korleis reforma skal gjennomførast.
Her finn du meir informasjon om netthøyringa