Hopp til hovedinnhold

Kvalitetsprosjekt - Pasientflyt palliativ eining

Medisinsk avdeling ved sjukehuset i Volda har sett i gang eit kvalitetsprosjekt -Pasientflyt knytt til den palliative eininga. Palliativ (lindrande) eining er ei aktiv utgreiings- og behandlingseining for ulækjeleg sjuke kreftpasientar.

Palliasjon omfattar ivaretaking av både fysiske, psykiske, sosiale og åndelege/eksistensielle behov. Nokre pasientar vil vere sjuke over lang tid. Difor vil dei ofte ha kontakt med mange helsearbeidarar, og dette stiller stor krav til samhandling internt og samordning mellom kommunane og sjukehus. Medisinsk avdeling arbeider kontinuerleg med samhandling for å skape det beste tilbodet og samanhengande helsetenester for pasientane. Samhandlinga inneber god kommunikasjon, felles oppfølging, felles ansvar for pasienten og dermed tettare personleg kontakt. Denne arbeidsmåten skal også sikre at pasienten blir behandla på rett nivå og stad innan rett tid.

Målet med pasientflytprosjektet er følgjande:

  • Utvikle gode og effektive pasientforløp for palliative pasientar inneliggande i palliativ eining ved medisinsk avdeling i Volda

  •  Betre koordinering av behandlingsaktiviteten og finne fram til formålstenelege samhandlingsmodellar mellom involverte avdelingar ved sjukehuset og kommunen

Prosjektet er organisert med styringsgruppe og prosjektgruppe. Følgjande er med i prosjektgruppa:

• Solgunn Sørdal, prosjektleiar og kreftsjukepleiar palliativ eining ved medisinsk avdeling
• Elin Osvik Velle, overlege medisinsk avdeling, og medisinsk ansvarleg for prosjektet
• Aina Torine Rangseter, sjukepleiar medisinsk avdeling
• Sigbjørn Lid, overlege anestesiavdelinga
• Jon Hjorthaug, overlege kirurgisk avdeling
• Mona Zahl Longva, sjukepleiar palliativt team
• Therese Moltudal, avdelingssjukepleiar medisinsk avdeling
• Anett Skorpen Tarberg, kreftsjukepleiar Ulstein kommune
• Nina Hovdenakk, sjukepleiar mottakseininga ved akuttavdelinga,
• Magnhild Vatn/Ragnhild Aarseth, fysioterapeut, fysioterapiseksjonen ved medisinsk avdeling
• Gerd Rødstøl Behretz, kreftsjukepleiar palliativ eining ved kreftavdelinga Ålesund

Andre møte i prosjektgruppa vert 16. november kl. 1200 – 1600 på møterom 1, Volda sjukehus.

Dersom de ønskjer ytterlegare informasjon kan desse kontaktast:

Prosjektleiar Solgunn Sørdal   Tlf. 93295156
Avdelingssjef Mona Ryste      Tlf. 97193814

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 15.11.2010 12:20

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11