Mellomleiarar med arbeidsadresser vide rundt på Sunnmøre. -Eg er ein "HelseSunnmøring", sa Regina Steinberger, leiar ved psykiatrisk poliklinikk i Ålesund. Vidare frå venstre Ronald Longva, seksjonsleiar ved DPS/Sjøholt, Randi Spjutøy, avd.sjukepleiar ved avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering, Aud Solheim, seksjonsleiar ved Volda DPS, Bjørn Molnes seksjonsleiar ved DPS/Vegsund og Randi Erdal, seksjonsleiar ved lærings- og meistringssenteret med hovudkontor i Volda.
Helse Sunnmøre satsar breitt på opplæring av mellomleiarane i helseføretaket. Desse leiarane har spennande men utfordrande posisjonar. Dei skal skjøtte krav frå toppleiinga, og samtidig ha personalansvar for i fleire høve store seksjonar med mange tilsette. Studiar har vist at det er mellomleiarane tilsette har størst tillitt til då det er eins nærmaste leiar ein har nærast relasjon med.
Fleire samlingar over tid
Siste året har om lag 100 mellomleiarar i HSM gjennomgått eit omfattande leiarprogram. Deltakarane har vore inndelt i fire kull og kvart kull har hatt fleire samlingar – to av samlingane har gått over to dagar med overnattingar. Helse Sunnmøre har valt å nytte eigne krefter og vi har ikkje nytte eksterne konsulentar. Toppleiinga i helseføretaket har prioritert denne opplæringa høgt og har delteke på om lag alle samlingane.
Intensjonen med opplæringa er sjølvsagt at leiarane skal få tilførsel av ny kunnskap, bevisstgjering av eksisterande kunnskap, samt det verdifulle i å bygge nettverk på tvers av avdelingar og på tvers av sjukehusa i helseføretaket. Leiarar står ofte ovanfor dei same utfordringane uavhengig av kva slags seksjon han/ho leiar.
Sentrale tema på samlingane har vore om leiing generelt - spesielt vedrørande utfordringar i spesialisthelsetenesta. Andre tema har vore administrasjon kontra utøvande rein leiing – eitt av emna her handla om motivasjon. Vi har hatt fokus på brukarperspektivet samt samhandling med førstelinetenesta. Det har handla om verdibasert, resultatorientert, strategisk og operativ leiing. Samlingane har og hatt fokus på holdningar og kulturbygging. Vidare har leiarane gjennomgått sentrale styringsdokument og det har vore gjennomført gruppearbeid samt diskusjonar i plenum rundt sentrale tema.
Personalleiing og arbeidsmiljø
Personalleiing var eit særs sentralt og omfattande tema på alle samlingane – overordna som praktisk retta. Arbeidsmiljø og konflikthandtering er viktige element her. Behandling av ulike reglemant som permisjonshandtering er eit anna døme.
God økonomistyring må til
God kunnskap om økonomi er sentralt for leiarar. Det har vore fokus på økonomihandtering både på helseføretaksnivå samt praktisk økonomistyring på seksjonsnivå – korleis levere gode sjukehustenester innanfor gitte rammer. Økonomidirektør Arild Eiken kombinerte dette på framifrå vis. Han føreleste om overordna økonomistyring og synte korleis mellomleiarane kunne nytte praktiske verkty i sitt daglege virke.
Leiing er kommunikasjon
Eit anna tema var kommunikasjon som strategisk verkty for måloppnåing - kommunikasjonsleiing – internt som eksternt, til dømes helseføretaket som samfunnsaktør. HSM er ein open og demokratisk organisasjon som praktiserer meiroffentligheit. Verdien av internkommunikasjon var og eitt vesentleg tema under denne bolken, mediehandtering ein annan. I samsvar med vår medieplan er det av stor verdi at våre tilsette også går ut i media med konstruktive saker. Vi ynskjer å ha ein meir sentral plass innan utvikling av ny kunnskap i medisinsk og annan helsefagleg forsking. Det er viktig for Helse Sunnmøre sitt omdøme at den kompetansen som finnast her er synleg i media. Her har leiarar ei viktig oppgåve. I følgje Helse Sunnmøre sin kommunikasjonsstrategi er informasjon eit leiaransvar. Dette inneberer også mediekontakt i samarbeid med kommunikasjonssjefen. Samlingane tok føre seg element frå kommunikasjonsstrategien, kommunikasjonshandboka for leiarar samt medieplanen til HSM.
Tverrfagleg hospitering
Det har og vore lagt opp til at to og to deltakarar har fått hospitert i kvarandre sine seksjonar. Erfaringsutveksling leiarar seg i mellom er verdifullt. Evalueringane etter hospiteringane har vore særs gode og vi håper at samlingane og kan bidra til kulturbygging internt i Helse Sunnmøre. Toppleiinga i helseføretaket har prioritert denne opplæringa høgt og har delteke på om lag alle samlingane.
Evaluering
Mellomleiarane har gitt særs gode tilbakemeldingar på samlingane både anonymt på innleverte skjema og i plenum. Samtidig har det kome konstruktive innspel til ulike tema. Dei har gitt uttrykk for at det har vore inspirerande å få kompetansepåfyll. Leiarane gav og uttrykk for at kompetansen var nyttig i deira daglege gjeremål. Kursdeltakarane var og godt nøgde med tema og føredragshaldarar. I følgje mange av deltakarar kom det fram at det var særs positivt at ein nytta eigne kreftar, og dei var særs nøgde med at toppleiinga i helseføretaket prioriterte desse samlingane. Ordninga med hospitering og nettverksbygging var og positive element som kom fram under evalueringa.
Direktøren prioriterer mellomleiarane
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik har prioritert denne opplæringa høgt, og ho har delteke på om lag alle samlingane. -Å satse på å gjere mellomleiarane våre stadig dyktigare, er å satse på framtida. Å ha dyktige leiarar vil vere avgjerande for helseføretaket si vidare utvikling for mellom anna å klare å møte dei framtidige krava vi står overfor. Mellomleiarane er nøkkelpersonar i omstillingsprosessane vi skal gjennom m.a. for å klare å setje i verk vedtaka som kjem i dei ulike strategiane som no blir vedteke, seier adm. direktør Astrid J. Eidsvik.

Eit knippe av nokre vårstemte mellomleiarar i Helse Sunnmøre etter endt kurs i Geiranger. Kull 4 under si siste samling. Bak frå venstre: Bak frå venstre: Magnulf Gjersdal, Stig Olav Persvik, Sverre Engeskar, Rolf Strømsheim, Regina Steinberger, Randi Erdal, Bjørn Molnes, Geir Grimstad, Ronald Longva og Anne-Marit Engås. Framme frå venstre: Audun Krøvel, Ida Grøtta Barstad, Britt Juvkam, Helene Røsvik, Anita Nybø, Greta Solnørdal, Aud Solheim, Hilde Guttormsen, Kari Sletten Helgesen, Randi Spjutøy. Desse var ikkje tilstades under fotoseansen: Silje Farstad, Anne Strand Alfredsen Larsen og Per-Erik Tødenes.

Friske diskusjonar må til. På tur heim etter to-dagars samling i Geiranger.
Frå venstre ass. direktør Helge Ristesund, hotellsjef for pasienthotellet, Ida Grøtta Barstad og Hilde Guttormsen, sjefsbioingeniør ved patologisk avdeling.
Opplæringsleiarane Ingar Asbjørnsen og seinare Bodil Haugen Våge har gjort ein framifrå jobb vedkomande det praktiske og organisatoriske arbeidet rundt kvar samling.
Av Solveig Moe Frøland
komm.sjef Helse Sunnmøre