Hopp til hovedinnhold

Gravid i Helse Sunnmøre – ta magen med på jobb

Prosjektperioden vart avslutta pr. 31.12.09 og rapport er utarbeida. Denne vart lagt fram for styret i Helse Sunnmøre HF i desembermøtet.

Kort om evalueringa:

  • Det er rutine for oppfølging av gravide arbeidstakarar i form av trekantsamtale mellom den gravide, leiar og prosjektjordmor
  • Det er rutine for å gjennomføre risikovurdering av kva den gravide eksponerast for i arbeidsmiljøet
  • Dei gravide opplevar i større grad å få den tilrettelegging dei treng
  • Leiarar har fått god hjelp frå prosjektjordmor og har auka kompetansen si til å følgje opp gravide og andre tilsette
  • Dei gravide står i gjennomsnitt i arbeid til veke 33 før dei blir 100% sjukmelde eller går ut i permisjon. Det er meir enn andre samanliknbare prosjekt har nådd.

Grunna gode resultat er prosjektjordmor Elisabeth Sæther tilsett i 20% stilling foreløpig ut 2010. Ho skal følge opp leiarar og gravide i heile Helse Sunnmøre HF. Les meir om prosjektet i sluttrapporten.

For ytterlegare informasjon:
Prosjektleiar Trude F. Giskås, tlf. 70106822
Prosjektjordmor Elisabeth Sæther tlf. 70105940, prosjektjordmor@helse-sunnmore.no

 

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11