Hopp til hovedinnhold

Disputas - Dag Arne Lihaug Hoff

Dag Arne Lihaug Hoff er overlege ved medisinsk avdeling, seksjon for gastroenterologi ved Ålesund sjukehus og har forska på brystsmerter som ikkje er relatert til hjartesjukdom, men til  spiserøyret. Førre veke disputerte han med doktoravhandlinga: ” Esophageal pain sensation during bag distension – biomechanical or ischemic in orgin?”

Dag Arne Lihaug Hoff
Dag Arne Lihaug Hoff
• Født i 1965
• Oppvaksen i Ullensvang i Hardanger
• Tok medisinsk embetseksamen ved Universitetet i Bergen (UiB) i 1992
• Vart spesialist i indremedisin i 2001 og fordøyelsessjukdommar i 2002
• Har tidlegare arbeidd på Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane og Haukeland Universitetssjukehus
• Arbeider no som overlege ved medisinsk avdeling, seksjon for gastroenterologi, Ålesund sjukehus, Helse Sunnmøre HF.
• I perioden 2002-2008 hadde Hoff 50 % permisjon for å vere stipendiat ved Institutt for Indremedisin, UiB
• Disputerte 26.februar 2010 ved Universitetet i Bergen

- Denne type forsking gir legane betre mulegheit til å forklare pasientar kva som kan vere årsaka til smertene dei opplever, seier Dag Arne Lihaug Hoff om resultatet av forskinga.

 

Hoff fortel at ein god del menneske i den vestlige verden har gjentakande brystsmerte der hjarteproblem vert utelukka. I mange tilfelle finn ein ikkje årsaka til smertene på tross av mange undersøkingar, og når smertene kjem tilbake kan pasientane verte urolege i tillegg til  at det medfører store kostnadar for helsevesenet.

 

Undersøkingar omkring kva som utløyser smertene er viktig for å kunne utvikle å gje målretta behandling, understrekar Hoff som sidan 2002/2003 har drive grunnforsking på dette området.

 

I forskinga har han sett på ei gruppe pasientar som har det som vert kalla funksjonelle brystsmerter. Diagnosen har dei fått etter ei på førehand grundig utgreiing av årsaker til brystsmertene.

- Mekanismane bak det som utløyser smerta er lite kjent og difor viktig og undersøkje, poengterar Hoff.

 

Hoff har stilt spørsmålet om smertene kjem av reint mekanisk påverknad og/eller om det kunne vere ein påverknad av sirkulasjonen (ischemi) i spiserøyrsveggen.

 

I eit samarbeid mellom forskingsmiljøet knytt til Nasjonalt senter for Gastroenterologisk Ultralyd, Med.avd Haukeland Universitetessjukehus og Mech-Sense, Aalborg sygehus, Aalborg, Danmark har Hoff vidare utvikla eit konsept kring det å stimulere spiserøyret med ulike stimuli kvar for seg eller saman. Dei har studert biomekanikk (stress / strain) og ischemi i relasjon til smerte responsen frå pasienten når ein ballong vert blåst opp i spiserøyret.

 

I studien reproduserte Hoff smertene til pasienten, og påviste at mekanisk stress i spiserøyrveggen, auka muskeltonus og hyperreaktivitet var dei viktigaste årsakar til brystsmertene.

- Det gjev oss viten om at stimulering av mekaniske reseptorar er det som kan trigge smerteopplevinga  Det var også ei nyttig oppleving for pasientane å få kjenne igjen dei smertene dei opplever – oppleve den nære relasjonen til spiserøyret, fortel Hoff. 

- Og resultatet av forskinga er spesielt. Det har ikkje vore fokusert på bruk av mekaniske lover for å forklare korleis vevet oppfører seg. Dette var også ukjent for meg før eg starta forskinga. Dette vil påsikt gi nye innfallsvinklar for behandling, avsluttar overlege ved seksjon for gastroenterologi Dag Arne Lihaug Hoff. 

 

For nærare informasjon om forskingsarbeidet
Overlege Dag Arne Lihaug Hoff, telefon 70105840

 

Relatert
Ny doktorgrad - Brystsmerter, meir enn hjartesjukdom
Nasjonalt Senter for Gastroenterologisk Ultrasonografi
Mech sense

 

Tekst og foto:

Carina Giskegjerde
Informasjonskonsulent
Helse Sunnmøre HF

 

Publisert 05.03.2010
 

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11