Torsdag 18. november blir Den europeiske antibiotikadagen arrangert for tredje år på rad. Målet er å fremje fornuftig antibiotikabruk i sjukehusa. Dagen vert markert med interne informasjonsaktivitetar i sjukehusa i Midt-Norge.
Antibiotika - venn eller fiende?
Antibiotika er viktige og effektive medisinar til behandling av bakterielle infeksjonar og har revolusjonert behandlinga av infeksjonssjukdommar. Feil bruk, eller overforbruk av antibiotika kan likevel føre til utvikling og spreiing av motstandsdyktige (resistente) bakteriar som antibiotika ikkje lenger har effekt på.
Bakteriar som er resistente mot antibiotika er eit alvorleg og aukande problem i heile verda. Det er i tillegg eit alvorleg problem at det ikkje vert utvikla nye antibiotika som kan behandle disse resistente bakteriane. I Norge har problemet hittil vore mindre alvorleg enn i andre europeiske land, men fagekspertane er samde om at dette rastk kan endre seg om ikkje antibiotikabruken vert forbetra. I praksis vil dette seie ein reduksjon av bruken og ei omlegging til bruk av meir smalspektra og mindre resistensdrivande middel.
Bodskapet i årets antibiotikadag er:
• Bruk så lite breispektra antibiotika som mogleg
• Juster behandlinga etter resistensbestemming
• Overvak infeksjonssituasjonen og antibiotikabruken i sjukehuset
• Hald deg fagleg oppdatert
Folkehelseinstituttet si nettside om antibiotikaresistens (www.fhi.no/resistens) er oppdatert i samband med markeringa. Nettsida har lenkjer til andre viktige aktørar i inn- og utland, samt ei rekkje nasjonale og utanlandske dokument.
Les meir om Den europeiske antibiotikadagen her:
