Hopp til hovedinnhold

Barneavdelinga under tak

Mange inviterte gjestar møtte opp når Helse Sunnmøre i dag markerte ”tett bygg”.

 

Barneavdeling med tett tak.

Både arbeidarar ved bygget, rådgivarar, prosjektleiing, tilsette i barneavdelinga samt  leiinga og styret i Helse Sunnmøre tok del i tilstellinga denne aprildagen.  

-Eg har lært at vi skal feire det vi kan, og det er all grunn til å feire at vi har nådd denne milepælen sa adm. direktør Astrid J. Eidsvik når ho ynskte velkomen til arrangementet. Eidsvik takka alle frammøtte arbeidarar for velgjort arbeid så langt.

-Det er godt vi er under tak, sa styreleiar Marthe Styve Holte. I følgje Holte skal alle viktige prosjekt ha sine milepælar. –Det har vore mange tøffe tak men vi har grunn til å rette ryggen og kjenne på at dette blir bra, hevda styreleiaren som aldri gav opp håpet om ny barneavdeling i Ålesund. Holte nytta og høve til å rose dei tilsette på barneavdelinga som har vist tolmod og vilje parallelt med at dei har haldt eit fagleg høgt nivå på tenestene. Marthe Styve Holte oppsummerte prosessen frå planleggingsfasa, til prosjektering og byggestart. -Dyktige fagfolk i Helsebygg har gjort ein god jobb – dei har fått vedtak ut av hendene, og i dag skal vi glede oss og hente inspirasjon til fortsettinga, sa ein smilande styreleiar.

Gjestane fekk servert rikeleg med baccalao og fekk omvising i eit særdeles strøkent bygg. 

Tilsette i Helse Sunnmøre.
Og glede var det vist under tilstellinga. Til venstre styrerepresentant Kaspara
Tørlen, seksjonsleiarar ved barneavdelinga; Irene Takvam og Karin Sørland.
Bak styremedlem Jarle Rovde.


Avd.sjef Ove Økland.
Sjefen sjølv. Avd.sjef for barneavdelinga,
Ove Økland er ein sentral og aktiv med-
spelar i prosjekt Ny barneavdeling. Økland
gleda seg stort over dagens markering.

 

Framdrifta for prosjektet følgjer oppsett plan. Avdelinga skal vere ferdigstilt årsskiftet 2010/2011. Bygget vil få eit bruttoareal på 5357 kvm og har ein kostnad på om lag 275 mill. kroner.

 

Tekst: Komm.sjef Solveig Moe Frøland
Foto: Inf.konsulent Carina Giskegjerde

 

 

 

 

 

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 26.04.2010 17:42

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11