Styret i Helse Sunnmøre vedtok i dag å utgreie ulike modellar innan akuttberedskapen for Volda sjukehus.
Pressemelding
26. januar 2010
I samband med strategiarbeidet i Helse Sunnmøre diskuterte styret i dag ulike modellar vedrørande akuttberedskapen for Volda sjukehus. Modellane leiinga skal utgreie vidare er følgjande:
Modell 1
Døgnberedskap i indremedisin, ortopedi og fødeavdeling. Døgnberedskap med 4–delt vakt på kort sikt og 6-delt på lang sikt og med fast tilsette innan desse fagområda. Blautdelskirurgi på dagtid -dagkirurgi og poliklinikk med vidare satsing på urologi. Poliklinisk Ø-hjelp beredskap og eventuelt enklare kirurgisk vaktberedskap i Volda på dagtid. Dette gir også rom for vurdering av pasientar, t.d. i medisinsk avdeling som treng tilsyn/vurdering av kirurg. Pasientar som ikkje kan få vurdering eller behandling innanfor desse rammene, må sendast til Ålesund sjukehus, primært frå kommune eller overførast frå Volda sjukehus. Alle gastrokirurgane i Helse Sunnmøre deltar i vaktordning ved Ålesund sjukehus uavhengig av bustad. Dette kan gjennomførast innanfor dagens stillingsrammer med 4- delt vakt, men ikkje med 6-delt vakt. Dette krev i så fall ei omfordeling av legestillingar frå Ålesund, andre sjukehus i regionen eller ved at den nasjonale stillingsramma blir auka.
Modell 2
Døgnberedskap i indremedisin, fødeavdeling og blautdelskirurgi. Beredskap innan ortopedi fram til kl 22.00 heile veka.
Modell 3
Døgnberedskap i indremedisin med/utan gynekologi og føde. Kirurgisk/ortopedisk elektiv 5-døgnspost.
Styreleiar i HSM Marthe Styve Holte ynskjer brei medverknad i denne prosessen. Etter at modellane er ugreia blir det lagt opp til omfattande høyringsrunder. Helse Sunnmøre sitt strategiarbeid fram til 2015 går parallelt med Helse Midt-Norge sin Strategi 2020.
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089