Hopp til hovedinnhold

Tobakksfri dag

Helse Sunnmøre markerer i dag fredag, 29. mai Internasjonal tobakksfri dag. Tema for dagen i år er: Barn og vaksne i eit røykfritt miljø.

Lufta er for alle. JA! til ein røykfri barndomVi ynskjer og å setje fokus på at vi er eit røykfritt helseføretak. Ei arbeidsgruppe har jobba med ymse tiltak som vi mellom anna vil gjennomføre under markeringa i dag.

Andre tiltak blir iverksett på lengre sikt, og til hausten kan tilsette inngå ein avtale på to månader med leiaren sin og få:

  • Tilbod om kurs for røykeslutt
  • Tilbod om gratis grønsaker til avdelinga
  • Tilbod om gratis nikotinplaster og nikotintyggis

- Gratis grønsaker vil gi tilsette noko å knaske på for å halde seg røykfri, og vi har god tru på at dette vil fungere, seier Jorunn Dagmøy Aandal frå bedriftshelsetenesta (BHT). Hovudtillitsvalt (HTV) frå Den norske legeforening ved Helse Sunnmøre, Marius Conradi støtter veldig markeringa av Internasjonal tobakksfri dag, og det arbeidet Helse Sunnmøre legg ned for å få mindre tobakk på arbeidsplassen.

Seks personar vil delta i markeringa ved å besøke avdelingar og seksjonar i Helse Sunnmøre. Kaspara Tørlen HTV i NSF, Hilde Furnes Johannesen HTV i Fagforbundet, Bjarte Jensen hovudverneombod, Knut Nautvik HMS-koordinator og Birgitte Kirkegård, Jorunn Dagmøy Aandal og Tone Kipperberg frå bedriftshelsetenesta. 
- Vi ynskjer å kome i dialog med tilsette og ha tobakk som tema, dele ut informasjons-matriell og blomar, fortel Dagmøy Aandal.

Helse Sunnmøre har fått tildelt 350 vakre Gerberraer frå Helsdirektoratet, desse skal vere med å setje forbygging av tobakk- og tobakkskadar på dagsorden. Det vil bli veldig synleg at Helse Sunnmøre har eit særskilt fokus denne dagen!

Sidan tema er barn har vi som mål fyrst og fremst å besøke føde/barselavd., barneavdelinga og Helse Sunnmøre sine barnehagar.

Dagen blir på ymse vis markert i alle landets fylker. Fylkesmannens kontor er bindeleddet utover i fylket.

 

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11