Hopp til hovedinnhold

Tilbod om vaksinering mot "svineinfluensa" for pasientar med alvorleg eggallergi

Den pågåande massevaksineringa er basert på ei vaksine som er produsert på eit eggmedium. Dette kan føre til at vaksinen utløyser allergiske reaksjonar  hos personar med alvorleg allergi mot egg.

Folkehelseinstituttet har no skaffa ei avgrensa mengde vaksine som ikkje er produsert på eggmedium og helseføretaka har fått i oppdrag å gjennomføre vaksineringa.
 
Personar som har kjent eggallergi, og som har hatt alvorleg reaksjon på egg, kan ta kontakt med fastlege, som etter ei fagleg vurdering sender tilvising til  helseføretaket. Sjukehuset i Ålesund eller Volda vil så ta kontakt for å avtale tid og stad for vaksinering.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 01.12.2009 12:18

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11