Tilstelling på sjukehuset i Volda.
Tysdag 2. desember arrangerte leiinga i Helse Sunnmøre tilstelling for dei som har blitt pensjonistar i løpet av året eller som har slutta av helsemessige årsaker. Dette er medarbeidarar som har arbeidt ved institusjonane i Helse Sunnmøre i samanhengande 10 år eller lengre. Også avdelingssjefane frå dei respektive avdelingane var invitert.
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik overrekte kvar enkelt ein spesialdesigna vase frå Hadeland Glassverk.
Seksten medarbeidarar og deira avdelingssjefar var inviterte til arrangementet på sjukehuset i Volda denne førjulstysdagen.

Frå venstre Atle Melle, Tone Bjørdal, Pergot Myklebust, Britt Indresøvde, Bernt Narve Skurtveit, Aud Målfrid Moe, Margot Andanes, Egil Nordahl, Eldrid Straume, Kirsten Halkjelsvik og Sølvi E. Vik.
Desse var ikkje med på biletet: Hildegun Lid Bjerkvik, Jorun Mørkedal, Anne Margrethe Rekkedal, Anna Sandvik og Ola Sætre.