Diabetespoliklinikken ved Volda sjukehus har i samarbeid med Diabetesforbundet fått over 800 000 kroner for å utvikle og få i gong tilbod som kan gjere det lettare for folk med diabetes type 2 å gjere naudsynte endringar i livsstil.
Prosjektet går over 3 år og er finansiert av Helse og Rehabilitering.
I ei rekkje år har diabetespoliklinikken i Volda hatt Startkurs for type 2 diabetikarar. Ein har erfart at det er behov for meir oppfylging for å omsette det ein har lært til praktisk handling. Erfaring frå både opplæring av pasientar og pårørande og sjølvhjelp syner at slik hjelp best vert gitt i grupper. Difor er det eit ynskje om å utvikle gruppebasert tilbod kor ein kan trene på og utvikle nye moment i høve til eigen livsstil.
I prosjektet ynskjer ein å utvikle tilbod retta mot trening, kosthald, sjølvhjelp og motivasjon. Medan trening og kosthald er sentrale livstilsparameter er sjølvhjelp og motivasjon ein metode for å styrke eigen meistringsevne.
Opptaksområde for prosjektet er sørlege del av Sunnmøre med kommunane: Volda, Ørsta, Vanylven, Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Til saman er det 40 000 innbyggjarar i dette området og ein antar at det er om lag 2000 av desse som har diabetes type 2. Talet aukar frå år til år og pasientgruppa vert stadig yngre.
Prosjektet vil verte utvikla i tett samarbeid med Diabetesforbundet lokalt og med ulike fagmiljø. Etter kvart vil dei enkelte kommunane verte invitert inn i prosjektet. Lærings og meistringssenteret vil og spele ei sentral rolle som rådgivar og støttespelar for prosjektleiaren.
Prosjektet er knytt til medisinsk avdeling ved sjukehuset i Volda og prosjektleiar er Gerd Helen Masdal Diabetespoliklinikken.
For ytterlegare informasjon:
Prosjektleiar Gerd Helen Masdal, 95729011