20. april kom dei første pasientane til etterbehandlingsavdelinga ved Aspøy omsorgsenter. I dag vart avdelinga offisielt opna. Det nye tilbodet er eit samhandlingsprosjekt mellom Helse Sunnmøre HF og Ålesund kommune og skal lette overgangen mellom sjukehuset og eigen heim for eldre pasientar.
- Vegen ut av sjukehuset kan vere eit stort steg å ta for pasientane. Etterbehandlingsavdelinga gir pasientane ein trygg overgang frå sjukehus til eigen heim tidlegare enn før, fortel assisterande direktør ved Helse Sunnmøre, Helge Ristesund.
Etter at pasienten har fått utgreiing, er stabilisert og har starta behandlinga kan han få tilbod om plass i etterbehandlingsavdelinga. Her er det høg fagleg kompetanse og trivlege omgivnader som vil gi betre rehabilitering for pasienten.
- Forsking viser at pasientar som har nytta tilbodet andre stader i landet mellom anna har redusert behov for reinnlegging, klarer seg betre i eigen heim og har større overleving. Slik er vi på sett og vis forplikta til å prøve ut tilbodet, seier Ristesund.
Ristesund legg til at dersom prøveprosjektet på tre år går som forventa, vil dette bli eit permanent tilbod.
Relatert
Brosjyre - Etterbehandlingsavdelinga
Pressemelding 4.mai 2009