Hopp til hovedinnhold

Samarbeid mellom Korus og russisk Karelen

Eit reisefølgje på fem personar frå Møre og Romsdal har i november vore på tur til Karelen, både i Finland og Russland. - Formålet med turen var å finne ut om det var grunnlag for å samarbeide på rusområdet mellom våre to naboland fortel Ingjerd Woldstad.

Deltakarane var dei fire spesialkonsulentane ved Kompetansesenter rus sitt Ålesundskontor: Mette Grytten, Einar Vonstad, Rita Valkvæ og Ingjerd Woldstad. I tillegg var Ann Helene Skare med som representant for ein av kompetansenteret sine samarbeidspartnarar: God Helse-satsinga i Møre og Romsdal Fylke.

- Ved hjelp av Lærings og meistringssenteret i Helse Sunnmøre sitt nettverk hadde vi på førehand knytt gode kontaktar med North Carelian Center of Public Health i Joensuu, Finland seier Woldstad. - Finnane har samarbeida med den russiske republikken Karelen i over 20 år om ulike folkehelsespørsmål, som hjarte-kar sjukdommar og arbeid mot tobakk. Dei brukte sitt kontaktnett til å spreie invitasjonen til samarbeid i Russland, og to representantar frå Joensuu var også med inn i Russland og deltok på alle møta der.

Det var møte med eit sjukehus og kommuneleiinga i Pitkeranta kommune, og med Helsedepartementet i republikkhovudstaden Petrozavodsk. - Dei ville gjerne samarbeide med oss vidare, og her blei det underskrive ein intensjonsavtale om vidare erfaringsutveksling og samarbeid om rusførebyggjande arbeid, spesielt blant barn, unge og andre pårørande til rusavhengige, fortel Ingjerd Woldstad.

Delegasjonen besøkte også eit rehabiliteringssenter for vaksne menn som pinsekyrkja driv i området.

Reisa ble finansiert av Barentssekretariatet i Kirkenes sitt helsefond. Midlar til vidare prosjektsamarbeid vil bli søkt finansiert frå Helse- og Omsorgsdepartementet, som kanaliserer midlar til helsearbeid frå Utanriksdepartementet si satsing på samarbeid i nordområda.

- Det var ein veldig interessant tur både fagleg og kulturelt konkluderer Ingjerd Woldstad. - Karelen har ei dramatisk historie når det gjelder konfliktar, og er forholdsvis tynt befolka. Og sjølv om russarane står over for større utfordringar på rusområdet enn vi her i Noreg, var det slåande kor likt vi tenkte om kva som er ein god familie. Så vi gleder oss til vidare samarbeid med både finnar og russarar!

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 01.12.2009 09:39

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11