Frå torsdag 17. september vert det omlegging av parkeringstilbodet ved Ålesund sjukehus. Omlegginga skjer i samband med byggestart for ny barneavdeling og vil gjelde både besøkande og tilsette.
Sjå skisse for ny parkering (pdf)
Det er planlagt flytting av bomstasjonen ved parkeringa for besøkande, og under flyttinga vert det noko arbeid og redusert parkering på den nye parkeringsplassen.