Endring ved Ungdomspsykiatrisk avdeling (UPA) som følgje av opning av akutteining for barn og unge i Helse Nordmøre Romsdal. Reduksjon av senger og oppretting av utadretta/ ambulante team med fokus på skulevegrarar.
Pressemelding
24. mars 2009
Frå 01.04.09 skal Helse Nordmøre Romsdal opne eiga eining for akuttinnlegging for ungdom, og dei vil då ikkje lenger bruke akuttplassane ved Ungdomspsykiatrisk avd (UPA) i Helse Sunnmøre. Konsekvensen av dette er ein forventa nedgang i tal akuttinnleggingar på UPA noko som medfører ein reduksjon i sengeplassar på 25 % (dvs. to senger). I ny organisering blir det då ein reduksjon til seks senger, desse blir fordelt på fire akuttsenger og to intermediære senger.
Oppretting av utadretta/ ambulante team med fokus på skulevegrarar.
I oppdragsdokument for 2008 fekk Helse Sunnmøre i oppdrag å opprette utadretta/ambulant team for barn og unge med psykiske problemstillingar. Teamet blir oppretta i august 2009 i samband med at Helse Nordmøre Romsdal tar over eigne akuttpasientar.
Når Helse Sunnmøre oppretter dette teamet utvidar vi tilbodet til barn og unge med psykiske problemstillingar og vi opparbeidar eit meir fleksibelt tenestetilbod.
Frå veke 34 i 2009 og ut året 2010 vil det utadretta teamet ha status som eit prosjekt som skal evaluerast ved utgangen av året.
Styret i Helse Sunnmøre gjorde følgjande vedtak:
Styret for Helse Sunnmøre er nøgd med at ein i samband med flytting av oppgåver til Helse Nordmøre og Romsdal vil etablere ambulant team ved ungdomspsykiatrisk avdeling. Dette er i samsvar med prioriteringane gitt i styringsdokumentet frå Helse Midt-Norge.
For ytterlegare informasjon:
Styreleiar Marthe Styve Holte, mobil 92264925
Adm. direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495
Avd.sjef Oda Vederhus, mobil 90950399
Komm.sjef Solveig Moe Frøland, mobil 92208089