- No har vi diagnostikk som vi kan slå oss sjølv på brystet av, og dette er bra smiler ein nøgd seksjonsleiar under den offisielle opninga av MR ved Volda sjukehus tysdag 29.september. Seksjonsleiar/overlege Sverre Sundalsvoll understreker at folket på søre Sunnmøre vil nyte godt av investeringa Helse Sunnmøre har prioritert.
 |
| Adm.dir Astrid J. Eidsvik overrekker blomar til seksjonsleiar/overlege Sverre Sundalsfoll |
Av ei investeringsramme på 26 millionar kroner for Helse Sunnmøre i 2009 er 14,5 millionar kroner lagt til opprusting av laboratorium og MR ved røntgenseksjonen, Volda sjukehus.
- Vi skal ha eit godt lokalsjukehus i Volda. Og denne dagen er med på å markere dette. Det er ei bevisst satsing på Volda sjukehus, seier administrerande direktør Astrid J. Eidsvik under opninga.
Ordføraren i Volda, Ragnhild Aarflot Kalland er også glad for satsinga som no markerast.
- Det er viktig med eit godt tilbod som gir tryggleik, seier Kalland i sin gratulasjon til helseføretaket.
Topp moderne utstyr
Både kommunane på Sunnmøre og Helse Sunnmøre har venta lenge på MR ved Volda sjukehus. Prosessen starta alt i 2002, men grunna små investeringsmidlar er det først no at tilbodet er på plass.
Etter funksjonelle ombyggingar og innkjøp av ny MR maskin har Volda sjukehus no topp moderne utstyr.
Godt samarbeid
Røntgenseksjonen er ein del av radiologisk avdeling ved Helse Sunnmøre, med einingar både i Volda og i Ålesund. Seksjonen ved Ålesund sjukehus har hatt MR sidan 1996, og sjukehusa samarbeider godt om fagkunnskapane.
MR er eit viktig verkty for å finne ut kva som feilar pasientane, og dermed har det ikkje berre vore røntgenseksjonen som har hatt eit sterkt ønskje om å få på plass MR ved Volda sjukehus.
Avdelingssjef ved akuttavdelinga i Volda, Rune Heggedal meinar at han har sett ei klar støtte i heile organisasjonen, og at alle kliniske avdelingar ved Volda sjukehus har sett MR på topp i prioriteringslista for nyinvesteringar.
- Dette vil gagne søre Sunnmøre i år framover, og dermed også heile Sunnmøre. Ein må dele på arbeidet, avsluttar Heggedal i si helsing til røntgenseksjonen, som no kan avlaste Ålesund sjukehus på MR undersøkingar.