Frå 1. januar 2010 blir det innført ny organisering av dei kliniske avdelingane i Helse Sunnmøre HF. Det er no tilsett klinikksjefar for tre nyoppretta klinikkar i helseføretaket.
Torstein Hole er tilsett som klinikksjef ved medisinsk klinikk ved Helse Sunnmøre. Hole kjem frå stillinga som avdelingssjef ved medisinsk avdeling, Ålesund sjukehus.
Ståle Hoff er tilsett som klinikksjef ved kirurgisk klinikk ved Ålesund sjukehus. Hoff kjem frå stillinga som konserndirektør HR ved Odim ASA
Knut Nautvik er tilsett som klinikksjef ved kirurgisk klinikk ved Volda sjukehus. Nautvik kjem frå stillinga som HMS-koordinator i Helse Sunnmøre.
Klinikksjefane vil saman med administrerande direktør og seks avdelingssjefar utgjere leiinga ved sjukehuset, og vil gjennom deltaking i leiargruppa ha eit heilskapleg ansvar for det samla tilbodet i helseføretaket.
For ytterligare informasjon:
Adm.direktør Astrid J. Eidsvik, mobil 91772495