Hopp til hovedinnhold

Nettbasert meistringskurs

Funksjonshemmedes Studieforbund arrangerer nettbasert meistringskurs - Å leve et friskere liv. Pasient eller pårørande kan følgje kurset heime i si eiga stove. Kurset er lagt opp i tillegg til vanleg behandling og sjukdomsspesifikk opplæring.

Kurset Å leve et friskere liv startar 14. september og varer i åtte veker. Første veka lærer du korleis jobbe på nett. Deretter seks veker med nytt kursmateriell kvar måndag. Ei veke ”fri” med tid til ettertanke.
 
Kurset Å leve et friskere liv, er utvikla ved Stanford University, Patient Education Research Center, USA. Det vart utforma for norske forhold ved Enhet for mestring og pasientundervisning, Sykehuset Østfold HF i 2001-2002.
 
Kurset har som mål å gi deltakarane eit reiskap til betre å kunne meistre problem i kvardagen som følgje av lidinga/funksjonshemminga, og dermed auke livskvaliteten.
 
I eit 5-årig forskingsprosjekt vart Å leve et friskere liv evaluert i ein randomisert studie ved Stanford University der meir enn 1000 personar deltok. Studien viste at dei som gjennomgikk programmet, i motsetning til dei som ikkje deltok, fekk ei betre helseatferd (trening, psykologiske symptom, meistring og kommunikasjon med legar), betre helsestatus (sjølvrapportert helse, trøttleik, uførhet, sosialt/rolleaktivitetar og helsebekymringar) og hadde færre dagar på sjukehus.
 
Påmelding - sjå informasjonsfolder!
PÅMELDINGSFRIST: 7. september
 
Følg lenken til Funksjonshemmedes Studieforbund og kurset Å leve et friskere liv:
http://funkis.interaktiv.as/studiearbeid.asp?meny=2,124&act=read&RecNo=512
 
Informasjonsfolder:
http://www.funkis.no/bilder/102939Infofolder%20høstkurs%2009.pdf

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11