ReHabuka er eit samarbeidsprosjekt mellom Helsedirektoratet og dei regionale koordinerande einingane. Det er eit utstrakt samarbeid med dei koordinerande einingane på helseføretaksnivå, frivillige organisasjonar, kommunar og ulike institusjonar. Seminaret vart opna av avdelingssjef Karl-Arne Remvik.

Nokre av deltakarane på seminaret.

Omsorgssjef i Ulstein kommune Marit Botnen heldt innlegg om utfordringar ein har i helsevesenet innan spesialisttenesta og kommunehelsetenestene. Spesielt var ho opptatt av samhandlinga mellom ulike nivå i helsetenesta og korleis ein skal kunne overføre kunnskap til kvarandre.

Seksjonsoverlege Halvard Nilsen sitt innlegg hadde tittel; all rehabilitering ut til kommunane. Nilsen dokumenterte tidleg i sitt innlegg ei klar deling mellom kva som kan overførast til kommunane og kva som bør bli verande i 2. linjetenesta. Også han var oppteken av kunnskapsoverføring mellom ulike nivå og kor viktig samhandling er. Han brukte fleire kasuistikka og fekk klart fram problemstillingar vi må løyse saman for å få eit samanhengande pasienttilbod.

Overlege Kari Eilefsen og seksjonsoverlege Johannes Skorpen la fram dei ulike utfordringane ein står overfor i habiliteringstenesta. Eilefsen tok for seg utfordringane i habiliteringstenesta for vaksne og peikte på at det er viktig å ha både tid, ressursar og arenaer for samhandling i kommunane og i spesialisthelsetenesta. Ho viste også til den nye rettleiaren for habiliteringstenesta for vaksne.
Skorpen la fram sentrale delar av handlingsplanen: Habilitering av barn og unge. 09/2009. Nokre av dei sentrale punkta han la vekt på var mellom anna oppbygging av den koordinerande eininga i kommunane som ei tydeleg adresse der brukar og pårørande kan få svar på ulike spørsmål dei slit med. Han tok også tak i opplæringsdelen for å auke kompetansen innan feltet, gjerne via E-læringsprogram kombinert med gruppearbeid/litteraturstudiar. Handlingsplanen har mange og gode forslag til tiltak som krev økonomiske ressursar. Skorpen var spent på om midlane ville følgje med slik at dei kan setjast i verk.

Brukarrepresentant Hanne Lillian Søvik tok for seg samhandlingsreforma sett frå eit brukarperspektiv, noko ho gjorde det klart for oss tidleg i sitt innlegg.
Det er ikkje særlig interessant korleis det skjer, men behandlinga den enkelte brukar treng, må ein få når ein har behov for det - uavhengig om det er kommunen eller spesialisthelsetenesta som skal gi tilbodet.
Ergoterapeut Audhild Farstad la fram ”Hjerneskolen” eit seinfasetilbod for hjerneskadde. Her fikk ein innsyn i både organisering, metodar, strategiar og hjelpemidlar ein brukar for å hjelpe denne pasientgruppa. Det er eit omfattande og resursskrevande tilbod som går over 14 dagar.
Interessa for tilbodet var stort frå deltakarane si side, og ein måtte love å sende ut meir informasjon rundt tilbodet og dato for neste ”Hjerneskole”.
Spesialfysioterapeut Anita Vegsund Sandanger tok deltakarane gjennom tilbodet: Intensiv trening for barn med CP. Tilbodet starta som eit prosjekt for å utvikle eit spesialisert og intensivert motorisk treningsprogram for born med CP i vår eigen region. Prosjektet var støtta av Helsedirektoratet.
Tilbodet har vore ressurskrevjande, men svært nyttig i kompetanse-oppbygginga i teamet som har arbeid det. Ein ønskjer å halde fram med tilbodet, men så langt er det ikkje ressursar til det.

Seksjonsleiar Wenche Måseide presenterte informasjonskurset for MS pasientar på Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter. Prosjektet har fått midlar frå Helse Midt-Norge. Bakgrunnen for prosjektet var å få eit tilbod lokalt i Møre og Romsdal. Målet med tilbodet var å gje brukarar med MS og deira pårørande eit tilbod om informasjon og rettleiing slik at dei vert betre i stand til å meistre kvardagen og leve med ein kronisk sjukdom. Brukarane får utveksle erfaringar i møte med andre i liknande situasjon.
Foredraga kan du laste opp her:
Samhandlingsreforma - utfordringar for kommunane 201009.ppt
Samhandling og Rehabilitering - spesialisert rehabilitering i kommunene
Voksenhabilitering - Utfordringer i habilitering
Habiliteringa av barn og unge - presentasjon av handlingsplan
Samhandling - reformen sett fra brukeståsted
Hjerneskolen
Modell for Intensiv habilitering- motorisk trening for barn med CP i gruppe
Nevrohjemmet Rehabiliteringssenter - tilbod til personar med nevrologiske sjukdommar og skadar
Tekst og foto:
Steinar Gjærde
driftskonsulent