Hopp til hovedinnhold

Med sterk satsing på kvalitet og samhandling

Sommaren 2009 presenterte helse- og omsorgsminister Bjarne Håkon Hansen samhandlingsreforma. Eit område Helse Sunnmøre lenge har jobba med gjennom Pasientflytprosjektet.

IllustrasjonHausten 2007 starta Helse Sunnmøre Pasientflytprosjektet - standardisering av pasientforløp. Dette er ei sterkare satsing på samarbeidet med primærhelsetenesta gjennom heile pasientforløpet, frå pasienten kjem til fastlegen og til dei er utskrivne hjå oss og kommunehelsetenesta eventuelt tar over igjen. 

 

- Dette prosjektet har vist seg å vere både svært lærerikt og bidrege til nytenking omkring behandlingsforløpa våre.  Aha-opplevingar har skapt kreativitet som blir omsett til nye måtar å tenkje på og å gjere forløpet for pasienten raskare og betre.  Dette har resultert i kortare ventetid, kortare liggjetid og dreiing frå døgninnlegging til dagbehandling.  Alt dette handlar om god pasientbehandling som vi allereie får gode tilbakemeldingar på frå pasientar, pårørande og primærhelsetenesta, fortel administrerande direktør Astrid J. Eidsvik.


Frå januar 2008 vart Pasientflytprosjektet ein del av ei ny satsing i Helse Midt-Norge (HMN) på standardiserte pasientforløp. Gjennom det regionale samarbeidet vert det utvika ein felles metodikk for forløpsarbeidet, og HMN har finansiert opplæring i den felles regionale metoden og vidare utvikling. Dette har skjedd i nært samarbeid med tilsette frå dei ulike helseføretaka i regionen.

 

Onsdag 30. september møtast representantar for dei ulike prosjektgruppene og leiinga ved Helse Sunnmøre for premiærevisning av HMN sin informasjonsfilm om standardiserte pasientforløp i Helse Midt-Norge på Color Line Stadion. Administrerande direktør Astrid J. Eidsvik innleier med historikk før vising av filmen.

 

Les meir om Pasientflytprosjektet 

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11