Hopp til hovedinnhold

Lærings og meistringsenteret på NEON

I år deltok Lærings og mestringssenteret Helse Sunnmøre på Neonkonferansen med to innlegg i samarbeid med Högskolan i Jönköping. Stipendiat Roar Stokken kan fortelje om lærerike dagar med godt høve til å bygge og vedlikehalde kontaktar. Neon-dagane 2009 gikk over i historia som dei mest omfangsrike til no, med nærare 200 deltakarar frå Norden og over 100 innlegg.

Årets NEON-dagar sette fokus på kva samhandling betyr for organisasjon og leiing.


- Vi deltok i ein sesjon kor den overorda problemstillinga var reformer i helse- og omsorgstenestene og korleis samarbeid mellom organisasjonar vert takla fortel Stokken.


– Våre 2 innlegg bygde på stoff frå Felicia Gabrielsson-Järhult og mitt eige doktorgradsarbeid. Datamaterialet er henta frå ei undersøking som ser på svenskane sitt lovpålagte planleggingsarbeid når eldre pasientar vert skrivne ut av sjukehus og skal følgjast opp i kommunane. Mitt arbeid tilførte i hovudsak teoretiske perspektiv på samhandling mellom helsearbeidar og brukar.


I det første innlegget såg Stokken/Järhult på korleis det datoprogrammet som vert brukt i denne planlegginga i Sverige påverkar den omsorga som blir gitt etter utskriving. Det viser seg at sjølv om dataprogrammet er eit godt hjelpemiddel så kan det også føre til at viktige moment blir gløymt i planlegginga.


Det andre innlegget såg på korleis pasienten sine behov vert forma i møte mellom helsearbeidar og pasient. Konklusjonen er ganske nedslåande. Pasientane sine ønskjemål vert forhandla vekk. Det er kva tenester som er tilgjengelege som i realiteten bestemmer kva behov pasienten har. Mykje meir enn at pasienten sine behov bestemmer kva tenester som blir gitt.


Samarbeidet mellom Lærings og meistringssenteret og Högskolan i Jönköping begynte tidleg i haust og har utvikla seg raskt. Mellom anna skal innlegga på NEON verte faglege artiklar, ein samarbeidar om å skape eit Europeisk fagnettverk og Gabrielsson-Järhult skal ha ein sesjon på den store ”Saman om OPP” konferansen i februar 2010.


- Fagleg kommer Gabrielsson-Järhult og eg frå noko ulike ståstader, men vi har fått til eit godt og  fagleg utviklande samarbeid fortel Stokken. – Medan eg har pedagogikk i botnen er Järhult i botnen fysioterapeut og har jobba mykje med onkologi og palliativ medisin.

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 01.12.2009 09:43

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11