Hopp til hovedinnhold

Kurs ved seksjon for habilitering - haust 2009

Seksjon for habilitering i Helse Sunnmøre har eit utstrakt samarbeid med ulike spesialinstiusjonar rundt om i Norge og har gjennom fleire år nytta desse kontaktane til å arrangere kurs både for foreldre og fagnettverk på tvers av fag og nivå. Her er kursa seksjonen er med på å arrangere i haust.

Statped Vest inviterer til:

Innføringskurs i alternativ- og supplerande kommunikasjon (ASK)

Dette kurstilbodet er det fjerde i ei kursrekke over to år som Statped vest arrangerer i samarbeid med barnehabiliteringa i Ålesund og Hjelpemiddelsentralen i fylket. Dette tilsvarar kurset som vart halde i november 2008.

Tema:   Barn, unge og vaksne som heilt eller delvis manglar tale vil ha behov for alternative kommunikasjonsformer for å gjere seg forstått
Tid: Onsdag 30. september
Stad: Auditoriet ved Borgund vgs

Målgruppe: Kurset passer for alle som er opptatt av tilrettelegging for god kommunikasjon med menneske med store kommunikasjonsvanskar: Foreldre, PP - tilsette, pedagogar, assistentar, ergoterapeutar, fysioterapeutar, helsesystre og andre interesserte.

Klikk her for meir informasjon om kurset og påmelding (pdf)

 

---------------------------------------------

Seksjon for habilitering inviterer til kurs med tema:

Terapeutisk meistring av aggresjon (TMA)

Seksjon for habilitering, psykisk helsevern for barn og unge og Regionalt PPT har i ei årrekkje hatt eit samarbeid om fagleg oppdatering for fagpersonar som arbeider med barn/unge innafor autismespekteret.

Tema: Fokuset for kurset vil vere på utfordrande/utagerande åtferd
Tid: Onsdag 14. oktober
Stad: Rådhuset i Ålesund

Målgruppe: Kurset vil være aktuelt for fagpersonar som arbeider med menneske med psykisk utviklingshemming og andre diagnosar.

Foredragshaldar: Eivind Mikkelsen. Han er utdanna vernepleier med vidareutdanning i bl.a. trening av sosial kompetanse og aggresjonsproblematikk. Han har 25 års erfaring i forhold til å jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming. Han har også lang erfaring frå undervisning og som kurshaldar.

Klikk her for meir informasjon om kurset og påmelding (pdf)

 

 ---------------------------------------------

Seksjon for habilitering inviterer til foreldrekurs med tema:

Terapeutisk meistring av aggresjon (TMA)

Seksjon for habilitering er vertskap for prosjektet Frå barn til vaksen med autisme. Autismeknutepunkta skal erstattast av regionale fagmiljø for autisme knytt til helseføretaka. Seksjon for habilitering vart i den samanheng bedne om å utarbeide standardiserte opplæringstilbod for foreldre til barn med autisme. Inger Johanne Grønningsæter er prosjektleiar for prosjektet Frå barn til vaksen med autisme og har også eit godt samarbeid med Autismeforeninga i Møre og Romsdal.

Tema: Fokuset for kurset vil vere på utfordrande/utagerande åtferd
Tid: Fredag 16. oktober
Stad: Auditoriet ved Ålesund sjukehus

Målgruppe: Foreldre og føresette til barn/ unge med psykisk utviklingshemming og/ eller autismespektervanskar.

Foredragshaldar: Eivind Mikkelsen. Han er utdanna vernepleier med vidareutdanning i bl.a. trening av sosial kompetanse og aggresjonsproblematikk. Han har 25 års erfaring i forhold til å jobbe med menneske med psykisk utviklingshemming. Han har også lang erfaring frå undervisning og som kurshaldar.

Klikk her for meir informasjon om kurset og påmelding (pdf)

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11