Frå måndag 14. september og ut veka blir det bygningsarbeid framføre hovudinngangen til poliklinikkane på nordsida av Ålesund sjukehus. Alle må i denne perioden bruke inngangen ved apoteket. Det vert skilta for rettleiing.
Trafikkområdet ved inngangen vert også avstengd, med unntak av dei fire mest naudsynte plassane for handikaptransport.
Drosjer får ny av og påstiging og parkering på parkeringsplass rett nord for rundkøyringa ved apoteket. Unntaksvis kan av og påstiging skje i rundkøyringa, men berre dersom det ikkje hindrar trafikken.
Arbeidet kan medføre noko støy i perioden.
Eventuelle spørsmål kan rettast til manøversentralen på telefon 70 10 50 24.