Hopp til hovedinnhold

Innføring av talgjenkjenning

Vi har hausta nokre synspunkt hjå tre overlegar som nett har starta med denne elektroniske nyvinnga.

 

Lutz Nietsch

Overlege Lutz Nietsch på barneavdelinga var ekstremt skeptisk til innføring av talegjenkjenning. –Eg har snudd totalt, seier Nietsch kontant.


Den 4. juni 2008 ble hovudprosjekt Talegjenkjenning (TGK) godkjent og forankra i Helse Midt Norge si styringsgruppe Strategi. Strategigruppa består av direktørane i helseføretaka i regionen/tillitsvalte og brukarrepresentant. 

Innføring av talegjenkjenning  er eit av dei store IKT- prosjekta i Helse Midt Norge i 2009, og omfattar dei somatiske avdelingane ved alle dei åtte sjukehusa i regionen. Det er et kvalitetsforbetrings- og omstillingsprosjekt, og vidareføring av digital diktering.

TaleGjenKjenning gjer at det automatisk blir oppretta skriftelige dokument av diktert tekst i pasientbehandlinga. Dette kan være journalar, notat og epikriser. Etter kvalitetssikring av tekst blir pasientjournalen automatisk oppdatert.

Pr. i dag er ca. 600 legar i Helse Midt-Norge i gong med profiloppbygging, 50 av desse i Helse Sunnmøre. Marit Kjersem er prosjektleiar i HSM.

Etter plan skal alle somatiske avdelingar i HSM vere i gong  innan utgangen av mars 2010.

Tre overlegar hjå oss i Helse Sunnmøre har delt sine erfaringar med oss.


Skeptisk i utgangspunktet


Overlege Lutz Nietsch på barneavdelinga var ekstremt skeptisk til innføring av talegjenkjenning. –Eg har snudd totalt, seier Nietsch kontant.

Korleis opplevde du innføringa og opplæringa i bruk av talegjenkjenningssystemet? Opplæringa var det første som imponerte meg. Vi var få kursdeltakarar som fekk god respons med kursarrangørane. Dei to som heldt kurset utfylte kvarandre – den eine forelas og den andre hadde meir ei observasjonsrolle. I følgje overlegen var dette eit gjennomtenkt og klokt kursopplegg – det gjekk ikkje for seint og heller ikkje for raskt.

Oppfølginga har fungert utmerket i følgje overlegen. Han har hatt behov for hjelp tre gongar og då fekk han rask hjelp. For hans del har han berre støtt på eitt teknisk problem undervegs.

Det tar ei tid å bygge profil, det vil seie gjenkjenning av ord i ei eiga ”elektronisk ordbok” i systemet. Har du kome langt i den prosessen?

Når intervjuet vart tatt hadde den engasjerte overlegen på barneavdeling nytta TKJ i berre to veker. Profilbygginga tar fleire veker å bygge opp, men han synest det fungerer flott. I utgangspunktet var han og skeptisk med tanke på at han er framandspråkleg men programmet har takla det framifrå.

På spørsmål om dette verktyet stel mykje tid i ein hektisk kvardag kom det eit raskt og kontant svar: Nei, då vil eg ikkje brukt programmet! Dess lenger ein har kome i arbeidet med profilbygginga, dvs at systemet gjenkjenner legens ordbruk - til mindre tid går med til korrektur. I følgje Nietsch er det likevel litt tidleg å uttale seg om dette.

I følgje Lutz Nietsch fungerer arbeidsflyten mellom han og sekretæren godt i høve bruk av TGK. Han dikterer og redigerer, og ho set på diagnosar og kven som skal ha kopi.

–Helsevesenet må effektiviserast - eg ser dette er eit ledd i den prosessen og eg aksepterer at min arbeidsgivar difor ynskte å innføre talegjenkjenning, konkluderer Nietsch – som alt i alt er godt nøgd.

Bjarte Aksnes
I følgje overlege Bjarte Aksnes var det åtgaum og latter
blant kollegane på revmatologisk avdeling når han fortalte
at han skulle intervjuast om ei nyvinning innan
datateknologien.

Orda kjem trillande

I følgje overlege Bjarte Aksnes var det åtgaum og latter blant kollegane på revmatologisk avdeling når han fortalte at han skulle intervjuast vedkomande talegjenkjenning. Datateknikk er i følgje han sjølv ikkje hans sterke side. Han hevdar og han er skeptisk til nye ting – ikkje fordi han ikkje likar endring, men han er redd det skal gå for mykje tid – som så igjen går utover verdifull tid med pasientar.

Opplæringa i TGK var likevel ei positiv oppleving for Aksnes. –Vi fekk nok tid til å prøve ut systemet og sjå til at det fungerte. Det er teknisk enkelt – eg brukar faktisk berre to knappar, sa ein nøgd overlege.

I følgje Aksnes har oppfølginga fungert godt. Det går med noko tid i startfasen då ein må byggje opp sin eigen profil – si eiga ordbok. Korte diktat med i hovudsak medisinsk terminologi frå hans eige fagområde går det raskt å utføre. Lengre diktat bruker han meir tid på – då stoppar han opp og gjer korrektur undervegs. I følgje Bjarte Aksnes vil dette gå seg til når han har kome lenger i profilbygginga. –Samtidig inspirerar dette meg til å skrive kortare diktat – noko som er positivt. Vi skriv ofte for mykje, hevdar overlegen.

Diktata blir ferdigstilt etter kvart, og han har ikkje samarbeid med sekretærane rundt denne prosessen. Aksnes var og godt nøgd med det tidlegare systemet han nytta, men han har tru på at når det nærmar seg jul vil han bruke like lite tid på TGK som han brukte tidlegare. – Det er jo fancy då – eg snakkar og orda kjem trillande på skjermen, seier ein smilande Bjarte Aksnes.

Oluf Herlofsen
Overlege Oluf Herlofsen på kreftavdelinga er
skeptisk men har likevel trua på
TGK.


Viktig å legge forholda til rette for ein god start

Overlege Oluf Herlofsen på kreftavdelinga synest opplæringa i systemet var bra og er særs nøgd med oppfølginga. Eg får hjelp omgåande og dei ansvarlege for innføringa er oppsøkande. Om systemet ikkje vil fungere er det ikkje på grunn av dårleg kursing og oppfølging, seier Herlofsen. Han opplevde berre få tekniske problem heilt i startfasen og desse vart raskt løyst. Samarbeidet mellom han og sekretærane fungerer og godt

Herlofsen uttrykkjer skepsis til progresjonen. Det tar lang tid å byggje opp sin eigen profil. Etter vel ein månad brukar han 3-4 gangar så lang tid i forhold til den tida han brukte på det tidlegare dikteringssystemet. -Dette var vi klar over. Suksessfaktoren er at det blir lagt til rette for ein god start. Her på avdelinga har vi lagt inn litt meir tid til kvar pasient på poliklinikken, samt at det er berre halvparten av legane som har starta opp, seier overlegen. Sjølv om ein har lagt inn meir tid til kvar poliklinisk konsultasjon har vi likevel pasientvolumet, og det vil føre til produksjonssvikt om vi ikkje hentar inn dette før neste pulje av legar startar opp med TGK, seier Oluf Herlofsen.

Herlofsen hevdar likevel at han har tru på at dette blir eit godt system når innkøyringsperioden er ferdig og han har kome lenger med profiloppbygginga. Profilbygginga tar i overkant av 6-8 veker. –Eg brukar ein del tid på korrektur på grunn av at dette er ein ny måte å jobbe på, men vi brukte tid på rettingar tidlegare og, konstaterer han.

Overlegen på kreftavdelinga har ikkje tru på at ein kan innhente tidsinnsparingar på dikteringsarbeidet. Kvaliteten trur han blir betre på grunn av at ein kan rette opp feil omgåande, samt at notata blir sendt ut tidlegare til samarbeidande instansar. Dette vil slå positivt ut for kommunikasjonen mellom sjukehus og primærhelsetenesta.

Avslutningsvis hevda ein kritisk men likevel positiv Herlofsen at det er viktig å legge til rette for ein god start pga at det er tungt i byrjinga og krev då mykje tid. –Eg har likevel ei positiv tru på at dette vil bli eit godt system, konkluderer Herlofsen.

 

Tekst/foto:
Solveig Moe Frøland
kommunikasjonssjef Helse Sunnmøre

Tilbakemelding på denne siden

Publisert: 20.11.2009 15:31 Oppdatert:

Solveig Moe Frøland

Abonner på nytt frå Helse Sunnmøre HF

RSS ikon RSS-kilde Nytt frå Helse Sunnmøre HF

 

Mediekontakt

Kommunikasjonssjef
Solveig Moe Frøland

Telefon: 70 10 68 10
Mobil: 92 20 80 89
Telefon (p): 70 06 81 11